norsk tidend

7000 nordnorske ord

Nordnorsk Ordbok. Arven etter Hallfrid Christiansen inneheld nærmare 7000 nordnorske ord og er med det den største samlinga av nordnorske ord som nokon gong er utgjeven. Norsk Tidend tok ein prat med forfattar Ove Arild Orvik.

TEKST: VEMUND NOREKVÅL KNUDSEN

– Denne boka er som ein eksamen for meg, seier Orvik, som tidlegare har gitt ut fem andre ordbøker. Ove Arild Orvik bestemte seg for skrive bok etter han var på eit føredrag med Gunnstein Akselberg om Hallfrid Christiansen i 2018.

– Då var eg så dum at eg rekte opp handa og spurte om ikkje materialet ho hadde samla inn, burde bli gjeve ut. Det syntest Akselberg var ein svært god idé, seier Orvik lattermildt.

– Etter det let eg det ligge eitt års tid, men frøet var jo sådd. Så sjekka eg kva moglegheiter eg hadde for å få tak i materialet, og så var eg i gang. Dei neste fire åra gjekk til turar til Bergen, Riksarkivet og Universitetet i Tromsø.

Orvik var på det tidspunktet i ferd med å avslutte karrieren ved Sortland vgs. Etter han gjekk av med pensjon, har han drive med ordboksarbeid nesten på fulltid.

– Eg har vel i snitt kanskje jobba 6 timar dagleg med dette i fire år, fortel Orvik.

Ove Arild Orvik (Foto: Bente Støckert Benjaminsen)

Arbeidet til Hallfrid Christiansen

Den førre nordnorsk-ordboka var 1000 ord i nord skriven av Eli Johanne Ellingsve og utgjeven i 2012. Denne inneheldt – som namnet seier – 1000 nordnorske ord. Orvik har prata med Ellingsve, men ikkje samarbeidd noko utover det, fortel han til Norsk Tidend. Det aller meste av materialet i Nordnorsk ordbok er henta frå Hallfrid Christiansen.

– Dette er i all hovudsak arbeidet til Hallfrid. Det er hennar innsamlingsarbeid som no er gjeve ut i bokform. Ho kom seg aldri til Finnmark for å samle inn ord, så eg har tillate meg å hente ein god del ord frå Finnmark frå Norsk Ordbok, litt frå heftet med finnmarksord av Harald Barbala, og nokre ord frå boka til Eli Johanne Ellingsve. Boka tel no ein plass mellom 6000 og 7000 ord, seier Orvik.

Dette ordtilfanget gjer Nordnorsk ordbok til den største samlinga av nordnorske ord som nokon gong er utgjeven.

Hallfrid Christiansen (1886–1964) var fødd på Gimsøy i Lofoten. Ho disputerte i 1935 med ei avhandling om Gimsøymålet, og drøymde om å gje ut ei nordnorsk ordbok. Sjølv om ho førelas i Bergen og Oslo, blei ho aldri akademikar på fulltid, noko som kanskje er medverkande til at ordboka aldri kom, spekulerer Orvik.

– Karrieren hennar blei for kort. Ho disputerte for doktorgraden då ho var 49 år gamal, og det skjedde mykje i privatlivet. Ho fekk ikkje studert før seinare i livet, ho mista to ektemenn og dreiv med mykje anna enn rein språkforsking, sidan ho ikkje var fulltidsakademikar. Livet skjedde, rett og slett.

Christiansen hadde eit anna språksyn enn det som var rådande i akademiske kretsar på den tida. I tillegg var ho kvinne. At ho kom så langt som ho gjorde, er slik sett ei imponerande forteljing i seg sjølv. Då ho døydde, gjekk materialet hennar til Universitetet i Oslo. Som ein del av arbeidet med Norsk Ordbok, ferdigstilt i 2014, blei det oversendt til Bergen.

Dialekt i endring

Arbeidet med boka har tatt fire år. Kva har arbeidet bestått av?

– Ein må først ha inn orda. Dei har inntil no vore spreidde enkeltvis i ulike ordbøker. I 2014 kom dei inn i Norsk Ordbok. Det å finne alle orda var ein stor del av arbeidet.

– Deretter må ein ha forklaringar på kva orda tyder, og så må ein skrive dei i lydskrift, slik at uttalen vert riktig. Ein del av arbeidet var å finne ut korleis ein uttalte orda, for dette mangla enkelte stader.

Ove Arild Orvik fortel at han har vore i kontakt med og vitja ulike personar og historielag i heile Nord-Noreg for å kontrollere og finne ut av korleis ord skal uttalast.

– Uttalen har endra seg sidan Hallfrid Christiansen samla dei inn. Og det har vore tydelege endringar
i dei nordnorske dialektane dei siste tiåra.

Orvik fortel at han har ønskt å la uttalen av orda vere skrivne slik dei blei uttala då Christiansen samla dei inn. Dette er for å vise dei nordnorske dialektane slik dei var rett før og dei første tiåra etter krigen, og vonleg hente fram igjen ord og uttrykk som for nokon kan vere gløymde. Til dømes viser lydskrifta stor grad av palatalisering, som er eit språkleg fenomen som er på sterkt vikande front i Nord-Noreg.

– Det mest spennande og lærerike med å setje seg inn i ordomfanget, har vore å sjå kva det seier om Nord-Noreg som eit geografisk område og som samfunn. Det er tydeleg at mange ord stammar frå eit sjølvbergingssamfunn og eit samfunn prega av fiske og mykje vêr og vind. Dette Nord- Noreg har forandra seg mykje sidan Christiansen si tid.

LOKALT: Ordboka viser uttale, bruksdøme og kvar i Nord-Noreg ordet er
henta frå.

Romsdaling med kjærleik for språk

Orvik er opprinneleg frå Romsdal, og er nynorskbrukar og målmann. At han har skrive boka og ordfoklaringane på nynorsk, har han ikkje møtt nokon protestar på.

– Det var ingen i forlaget som kommenterte dette, og til no er det heller ingen som har uttalt seg negativt om det, seier han kontant. Samstundes er det inga hemmelegheit at nynorsk ikkje står sterkt i Nord-Noreg i dag. Eg har håp om at ved å skrive boka på nynorsk, så kan eg også eksponere fleire for nynorske ord.

Heilt til slutt spør Norsk Tidend om Orvik har funne nokre favorittord i arbeidet med ordboka. Han gir oss tre ord, som det ikkje tek han lang tid å finne fram:

Herdug. Dersom du driv med isbading eller går i shorts om vinteren, vil ein seie at du er hæri.

Blåsterhol. Eit blåsterhåll er ein plass der det bles kraftigare eller oftare enn i regionen elles. Det er ikkje meint positivt.

Storhoggert. Storhøggert er det ein kallar såkalla viktige personar.

Når ein først har gjort eit så stort arbeid, og fått så mange nordnorske ord mellom to permar, så vonar eg at folk i Nord- Noreg oppdagar boka, avsluttar Orvik.