Berge Furre – mannen som skapte og skreiv noregshistorie
Tysdag 14. mars kl. 19-21, Bekkestua bibliotek
Om den skjegløygde SV-leiaren, historikaren og presten, kjend gjennom debattar, pensumbøker og preiker over eit halvt hundreår.
«Høvding» og «bauta» vart Berge Furre kalla då han døydde i 2016, 78 år gammal. Nekrologane la vekt på den stabile og trygge Furre, men då det omfattande arkivet hans blei opna for Arnhild Skre, såg ho at dette bildet måtte brytast opp. I biografien hennar trer eit undrande, intenst, rastlaust og strategisk handlande menneske fram. Omdiskutert til det siste. Ein mann i rørsle, eit levande menneske.
Arnhild Skre held foredrag om den mangslungne mannen Berge Furre og hans tid.
Inngangspengar 100 kr