norsk tidend

Action og humor er mitt motto!

LØYEN: Terje vil engasjere gjennom å underhalde. I kjent stil insisterte han også på eit mindre stivt portrettbilete.

Med action, humor og dialekt freistar Terje Torkildsen å vere som Tom Cruise: «I’m here to entertain you!». Det treng nynorsklitteraturen, meiner han.

Me kan jo byrja med det klassiske spørsmålet: Gratulerer med å vera årets festivalforfattar! Korleis kjennest det?

– Det er faktisk veldig stas. Falturiltufestivalen er spesiell for meg fordi det var det første litteraturarrangementet eg var på utanfor Stavanger. Her har eg fått prøvd ut ulike idear, som til dømes å testa ut ulike formidlingsopplegg. Falturiltu har gitt meg mange gode samarbeid. Eg har alltid likt meg her.

– Å bli peika ut til festivalforfattar ga meg moglegheita til å skriva tingingsverket, som var ein teaterversjon av Arrfjes frå 2014. Det har vore svært stas!

Og du skriv berre på nynorsk?

– Ja, eksklusivt på nynorsk.

Korleis gjekk det seg til at du som siddis (Stavangerbu), blei nynorskbrukar?

– Det er to hovudgrunnar til at eg er nynorskbrukar. Eg hadde ein lærar som heitte Lise
Lunde Nilsen. Ho var pioner bak eit prosjekt i stavangerskulen der ein skulle skriva dialekt. Ho var også med på å etablera ein av dei første nynorskklassane i Stavanger – Mosvoll 2, som han heitte.
– Eg fekk altså nynorsken inn ganske tidleg. Så har eg halde fram med å bruka nynorsk, enkelt og greitt fordi eg ikkje får til å vera løyen på bokmål. Nynorsk har høgare presisjonsnivå, ein heilt eigen tone.

Så har eg halde fram med å bruka nynorsk, enkelt og greitt fordi eg ikkje får til å vera løyen på bokmål. Nynorsk har høgare presisjonsnivå, ein heilt eigen tone.

Terje Torkildsen

Korleis opplever du stoda for nynorsk blant unge og ungdom i dag?

– Det kjem sjølvsagt heilt an på kvar du er i landet. Eg gidd ikkje å bruka tid på å dra der det er mykje negativitet. Så eg held meg i all hovudsak til Vestlandet og Nord-Noreg.

Nord-Noreg?

– Ja, trivst der.
– Men eg vil seia at eg jamt over opplever at det er mindre hets mot nynorsken i dag enn før. Eg har fått ein einaste «nei, du, dette er jo på nynorsk!» på ein skule i Stavanger. Det som var løye med det, var at dei
lenge trudde dei las dialekt, og så var det ein som plutseleg kjende det igjen som nynorsk.

Kva er hovudutfordringane med å vere nynorskforfattar?
– Det største problemet er eigentleg at det er vanskeleg å bli utgjeven. Det er til dømes svært lite populærlitteratur på nynorsk, men eg er optimist for framtida!

Får Falturiltu nokon ringverknadar for deg?

– Eg har ikkje særleg mykje bokhandelsal. I all hovudsak sel eg til skular og skulebibliotek og biblioteka. Så eg har til dømes ikkje merka noko særleg til den generelle nedgangen i salet av fysiske bøker. Eigentleg er alt dette heilt greitt, eg har ikkje høve til å jobba så mykje meir enn eg allereie gjer. Eg
har vunne U-prisen to gonger, eg treng ikkje så mykje meir merksemd. Det er også den
største prisen eg kan få for bøkene mine, pluss det å vera festivalforfattar på Falturiltu i år, sjølvsagt.

Korleis trur du me kan styrkja nynorsken, og korleis får me fleire til å lesa?

Som eg sa må det koma meir populærlitteratur og underhaldningslitteratur på nynorsk.
Det er også eit problem at det er manglande kompetanse – eller interesse – blant kritikarar og redaktørar i dag på populær- og underhaldningslitteratur. Ein har kanskje ikkje same sjølvtilliten på kva som er eller kan bli populært, ein har ikkje «feelingen» for kva folk vil ha. Det gjer at det blir vanskeleg å gje råd i skriveprosessen. Men det er også ein manglande vilje til å ville satse på barne- og ungdomslitteratur på nynorsk frå ein del forlag. Så vil eg jo gjerne seia at det ikkje alltid er slik at folk veit kva dei vil ha før dei får det.

– Då er festivalar som Falturiltu gull verde. Her får eg prøvd ut materialet mitt og ulike formidlingsmåtar for litteratur. Den første boka eg skreiv, Marki Marco, blei skriven i samarbeid med ein tiandeklasse i Stavanger. Eg utvikla boka saman med dei. Eg fekk rett og slett og den beste redaktøren eg kan få: lesarane sjølv. Gode lesarmøte er svært viktige, og det er noko til dømes Falturiltu bidreg med. Det engasjementet som er her frå både forfattarar, lærarar og friviljuge,
formidlar litteratur til elevane på ein måte som skaper stor entusiasme og leseglede.

– Noko av det viktigaste me gjer for litteraturen – og for nynorsken – er å gje gode lesaropplevingar tidleg i livet.

Terje Torkildsen

– Noko av det viktigaste me gjer for litteraturen – og for nynorsken – er å gje gode lesaropplevingar
tidleg i livet. Det er fleire av oss som starta med teikneseriar, actionromanar og slike ting som gav stor leseglede. Derfor er dette så viktig for nynorsken. «Action og humor» er mitt motto og overskrifta på årets festival!

Til slutt: Har du ein favorittforfattar, eller favoritt nynorsking?

Då må eg gå for Per Inge Torkelsen og Ragnar Hovland.
Per Inge Torkelsen og eg blei jo begge gjevne ut på Samlaget. Han har også vore med på å gjera stavangerdialekt kult og løye. Ragnar Hovland gjorde på si side mykje for å gjera nynorsken kult. Det er veldig tøft at han er ein del av programmet i år i den anledning at han fyller 70.

Har du ei eller fleire favorittbøker?
– Eg må gå for Utanfor sesongen frå 1988. Ein av dei få krimbøkene som er skriven på nynorsk.