Nynorskstafetten: Sel og Vågå
Denne veka reiser Nynorskstafetten til Nord-Gudbrandsdalen. Det er Noregs Mållag og Norsk Målungdom som fyller opp ein stafettbil med både materiell og folk. Gjennom ei heil veke vert det snakka om nynorsk med ordførarar, kommunedirektørar, oppvekstsjefar, tilsette i barnehagar og på skular, med ungdomsråd, på bibliotek og med lokalt næringsliv for å nemne nokre.
På kvelden er det mållagsmøte med lokale mållag. I tillegg til desse Nynorskstafett-bilen vil også den suksessrike nynorskforfattaren Maria Parr møte elevar i Lom, Skjåk og Vågå.
Dei som møter i dag er dagleg leiar Gro Morken Endresen og økonomirådgjevar Per Henning Arntsen frå Noregs Mållag, Synne Solberg, nestleiar i Norsk Målungdom og Svein Olav Langåker, dagleg leiar i LNK.
08:15 – Maria Parr på Vågåmo skule
08:30 – Møte med kommunedirektør i Vågå kommune
10:30 – Møte med rektor og tilsette ved Heidal barnehage og Heidal skule
12:00 – Målferd med Norsk Målungdom på Vinstra vgs
12:30 – Søre Grindstugu barnehage
13:15 – Vågåmo skule
19:00 – Møte med styret Skjåk og Lom Mållag