Nynorskstafetten: Skjåk og Lom
Denne veka reiser Nynorskstafetten til Nord-Gudbrandsdalen. Det er Noregs Mållag og Norsk Målungdom som fyller opp ein stafettbil med både materiell og folk. Gjennom ei heil veke vert det snakka om nynorsk med ordførarar, kommunedirektørar, oppvekstsjefar, tilsette i barnehagar og på skular, med ungdomsråd, på bibliotek og med lokalt næringsliv for å nemne nokre.
Dei som møter i dag er dagleg leiar Gro Morken Endresen og økonomirådgjevar Per Henning Arntsen frå Noregs Mållag, Synne Solberg, nestleiar i Norsk Målungdom og Svein Olav Langåker, dagleg leiar i LNK.
08:30 – Møte med kommunedirektørar i Skjåk og Lom. Møterom Bispen, Skjåk kommunehus
10:00 – Møte med lærarar ved Lom ungdomsskule
12:10 – Målferd ved Norsk Målungdom på Lom ungdomsskule
13:15 – Møte med Loar skule og Loar barnehage
14:30 – Møte med Garmo barnehage
Om ettermiddag eller kveld: Møte med styret Dovre og Lesja mållag