Nynorskstafetten: Gjemnes
Denne veka reiser Nynorskstafetten til Trøndelag og Nordmøre. Det er Noregs Mållag og Norsk Målungdom som fyller opp ein stafettbil med både materiell og folk. Gjennom ei heil veke vert det snakka om nynorsk med ordførarar, kommunedirektørar, oppvekstsjefar, tilsette i barnehagar og på skular, med ungdomsråd, på bibliotek og med lokalt næringsliv for å nemne nokre.
Dei som er skulemålsskrivar Ingar Arnøy og redaktør og rådgjevar Vemund Norekvål Knudsen frå Noregs Mållag, Rasmus Tennø Loe, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom og Synnøve Marie Sætre frå Nynorsksenteret er med i Gjemnes.
Program:
09:00 – Norsk Målungdom skal snakke med elevane på Atlanten vgs
09:00 – Angvik skule/barnehage
09:30 – Møte med avdelingsleiar på ungdomsskulen på Batnfjord skule
10:00 – Angvik skule/barnehage
12:15- Torvikbukt skule
14:00 – Møte med Gjemnes kommune