Kristofer Uppdal – Rallar, diktar og trønder
Laurdag 28. oktober kl. 15.00 kjem Arild Bye til Stjørdal bibliotek for å fortelje om denne spennande, men langt på veg gløymde forfattaren som var fødd i Beitstad i 1878, og som levde eit forrykande dramatisk liv som rallar, industriarbeidar, fagorganisasjonsmann og sentral modernistisk forfattar. Fullt av dramatikk var privatlivet hans også med tidleg tap av mora, uvennskap med faren, eit ekteskap som gjekk i oppløysing, sinnsliding og tvangsinnlegging på psykiatrisk sjukehus.
Våren 2010 kom den store biografien ”Kristofer Uppdal. Ein mot alle” ut på Aschehoug. Boka fekk ei mengd utruleg gode kritikkar, og biografen Arild Bye vart invitert på den eine litteraturfestivalen etter den andre.