Møte med Guri Sørumgård Botheim
Publisert:
3. november 2023
Tid:
11. november 2023— 15.00
Stad:
Stjørdal
Arrangør: Stjørdal Mållag
Stjørdal Mållag og Stjørdal bibliotek seier velkommen til forfattarbesøk laurdag 11. november kl. 15.00 i biblioteket i Kimen.
Forfattaren Guri Sørumgård Botheim (f. 1978) kjem frå Lesja og flytta nyleg til nabokommunen Dovre etter mange år i Trondheim. I mars i år kom romanen «Høgfjellsmeldinga» ut på Oktober forlag. Romanen har fått svært mykje god omtale.