Feiring i Fosse-huset i Strandebarm
Publisert:
28. november 2023
Tid:
7. desember 2023— 16:45
Stad:
Fosse-huset i Strandebarm
Arrangør: Kvam Mållag og Fosse-stiftinga
Kvam Mållag inviterer saman med Fosse-stiftinga til feiring i Fosse-huset i Strandebarm. Me sessar oss framfor storskjermen torsdag 7. desember klokka 16.45 og ser foredraget frå sjølvaste prisvinnaren. Kaker og kaffi til alle, sjølvsagt!
Frå klokka 15.30 blir det komle-middag på Fosse-huset berre for dei inviterte gamle naboane til Jon Fosse.
Kl 18 -19 skal representantar frå Fosse-stiftinga og mållaget ha tematreff på internett i regi av Grannehjelpa ( frivilligsentralen) med diskusjon om Fosse, foredraget og liv og dikting.
Elles held stiftinga Fosse-huset ope og kaffikanna full i helga slik at folk kan stikka innom og høyra opplesing.