Kakefest for Fosse
Publisert:
1. desember 2023
Tid:
7. desember 2023— 17:00
Stad:
Stord folkebibliotek
Arrangør: Stord Mållag og Stord folkebibliotek
Bli med på lokal Fosse-feiring på biblioteket! Fosse takka nynorsken då han fekk vita at han skulle få nobelprisen i litteratur, og Stord mållag og Stord folkebibliotek inviterer DEG til å feira Fosse og prisen med kake, nobelføredrag og opplesing.
Klokka 17 strøymer me nobelføredraget til Jon Fosse direkte, og etterpå blir det opplesing av eit Fosse-skodespel med lokale opplesarar. Det heile kan nytast med kaffi og kake til.
Arrangementet er gratis og ope for alle. Kom, då vel!