Kveldsmøte i Etne Mållag
Me inviterer til kveldsmøte i Etne Mållag onsdag 6. november klokka 19 på Etne bibliotek i Etne.
Hovudsaka for møtet er å snakka om kva slags aktivitet me kan få til i Etne og velja eit interimstyre som skal førebu ordinært årsmøte i mars 2025.
Noregs Mållag og Norsk Målungdom, saman med fleire nynorskføretak, er på nynorskstafett på Haugalandet. Då er me innom både skular, barnehagar og har møte med kommunar, i tillegg til arrangement for lokalt næringsliv for å nemna noko. På dette møtet vert det innleiingar både frå Noregs Mållag og frå Norsk Målungdom.
Sakliste for møtet:
– godkjenning av innkalling og saksliste
– idédugnad for målarbeid i Etne
– val av interimstyre
Ta gjerne kontakt med Siri Klokkerstuen i Etne Mållag, telefon 908 80 659 eller Solgunn Liestøl, leiar i Karmsund Mållag, telefon 936 64 995 om det er noko du vil spørja om på førehand.
Ein treng ikkje å vera medlem i Mållaget for å koma på møtet. Medlemskap kan vi ordna der og då.
Det blir framifrå servering og god tid til å prata i lag.
Alle er velkomne!