Seminar for nye lokallagsleiarar
Publisert:
13. desember 2024
Tid:
17. oktober 2025
til 18. oktober 2025
Stad:
Skrivarstova, Oslo
Arrangør: Noregs Mållag
Dette er eit seminar for nye lokallagsleiarar (i alle aldrar). Det er også aktuelt for nye styremedlemer i lokallag og fylkeslag. Du treng heller ikkje vere heilt ny i rolla for å få veldig godt utbytte av seminaret. Seminaret vert på skrivarstova i Dronningens gate 22 i Oslo fredag 17. oktober til laurdag 18. oktober 2025.
Aktuelle emne: Medlemssystemet, medlemsregister, medlemspengar og verving. Årsmeldingar, mållagsåret, økonomi for lokallaga, momsrefusjon og Grasrotandelen med meir, Korleis bli god på sosiale medium for lokale mållag?, Kvifor nynorsk? – språkhistorie, språkstrid og argument og Kvifor Noregs Mållag?