Årsmøte i Sula Mållag
Publisert:
10. februar 2025
Tid:
27. februar 2025— 19:00
Stad:
Sula bibliotek
Arrangør: Sula Mållag
Torsdag 27 februar kl 19:00 på Sula bibliotek får Sula Mållag besøk av forfattar og høgskulelektor ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa; Arild Torvund Olsen. Han har skrive boka Slagersong og svartmetall – godbitar frå den nynorske populærmusikken, som inneheld 80 år med nynorsk platehistorie.
Før årsmøtet skal forfattaren halde eit foredrag han kallar “Songane som sette spor – frå Gangdøra til Ein farfar i livet”. Arild T. Olsen har med seg platespelaren, så det vert både bilete, ord og musikk undervegs i foredraget.
Inngangsbillett 100kr, inkludert kaffi og kake.
Etter foredraget held Sula Mållag sitt årsmøte same stad.