kalender

Lesing frå «Udyret i tunnelen»

Tid:
22. februar 202512:00
Stad:
Stjørdal bibliotek
Arrangør: Stjørdal Mållag

Laurdag 22. februar kl. 12 inviterer Stjørdal Mållag i samarbeid med Stjørdal bibliotek barn mellom 9 og 13 år saman med foreldre til eit møte med ei færøysk barnebok som er omsett til norsk. Det er stjørdalingen Lars Moa som har omsett
boka som fortel om og les frå boka. Arrangementet er gratis.

«Udyret i tunnelen» er ei grøssarhistorie som ein kan seie handlar om udyr som lever både blant oss og inni oss. Folk i byen opplever flom og jordskjelv, men ingen forstår kva det eigentleg er som skjer. Frå det hemmeleg treet sitt ser hovudpersonen Åsta rotter rase rundt i skogen. Ho har mareritt om at taket på skolen dett ned over dei alle.

Under asfalten og betongen truar eit udyr med å øydelegge heile byen. Og ein dag finn Åsta seg ansikt til ansikt med udyret.

Denne boka, som er debuten til forfattaren Silja Aldudóttir, vart svært godt mottatt i heimlandet Færøyane, og er utgitt på norsk, svensk og estisk, og omsettingar til fleire språk kjem etter kvart.