norsk tidend

Opprettar emne for «nynorsk som sidemål»

Høgskulen på Vestlandet opna 1. februar opptak til eit etterutdanningstilbod for lærarar som underviser i nynorsk som sidemål.

– Vi ønskjer å driva ei meir effektiv og lystbetont sidemålsundervising, seier Eli Bjørhusdal ved Høgskulen på Vestlandet. Det er eit vidareutdanningsemne som er retta mot lærarar som allereie jobbar i ungdomsskulen eller vidaregåande.

Påmeldingsfristen er i april med oppstart i haust, og gjev 15 studiepoeng. Emnet tek form som eit nettkurs ein kan gå gjennom når ein ønskjer, med arbeidsoppgåver knytte til kvar økt. Det skal også vera synkrone undervisingsøkter ein gong i månaden, der det vil vera aktive læringsformer, plenumsdiskusjonar og erfaringsutveksling.

– Det er viktig at folk skal kunna ta kurset utan å bli frikjøpte, fortel Bjørhusdal. Ho understrekar at kursoppstart er avhengig av at folk melder seg på.

Meir effektiv undervisning

Kurset er det fyrste i sitt slag, og har som mål å læra vekk metodar for å gjera sidemålsundervisinga i nynorsk betre ved å gjera ho meir effektiv, motiverande og gøy.

– Det å arbeida med tekstar, introdusera litteratur eller høyra nynorske songar krev ikkje like mykje av elevane som det å faktisk produsera nynorsktekst sjølv. Det er nynorskskrivinga som er krevjande for lærarane å undervisa i, fordi det er eit uvant språk for elevar som ikkje ser mykje nynorsk utanfor skulen, forklarar Bjørhusdal.

– For å produsera eit skriftspråk er du nøydd til å vera eksponert for det. Mykje meir enn det mange elevar får i dag, legg ho til.

OVERFØRINGSVERDI: Eli Bjørhusdal håpar at erfaringane frå nynorskemnet kan brukast inn i den generelle lærarutdanninga. Foto: Privat

Nynorsk didaktikk

Det har vore tematisert mellom anna av Noregs Mållag at undervising i både bokmål og nynorsk ikkje er tematisert godt nok i lærarutdanningane. Det er mange lærarar som ikkje kjenner seg stødige nok til å undervisa i nynorsk. Sjølv om emnet til HVL er retta mot dei som allereie er lærarar, kan det gje nyttige erfaringar som kan bli teke inn i den generelle lærarutdanninga, forklarar Bjørhusdal.

– Heile lærarutdanninga treng å styrka nynorskopplæringa si. Vi treng ein nynorsk didaktikk for norsk lærarutdanning, ein plan for korleis lærarutdanninga skal kunna bruka nynorsk betre.

– Vi trur at eit nettkurs som berre baserer seg på sidemålsundervisning, metodikk og didaktiske inngangar for elevar som ikkje har nynorsk som hovudmål, men som sidemål, fortener eit eige didaktisk opplegg, avsluttar ho.

Ynskjer tilbodet velkomen

– Dette er eit tilbod vi ynskjer velkomen! Vi veit at mange lærarar har for svak kompetanse til å driva lese- og skriveopplæring i og på nynorsk, men samstundes veit vi at viljen til å tileigna seg meir kunnskap og kompetanse er stor hos norske lærarar, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, om emnet.

– Eg håpar dette tilbodet blir populært og at det kan inspirera til at HVL og andre lærarutdanningsinsitusjonar i betre grad sikrar nynorskkompetansen også til studentar som skal ut i skulen.

– HVL viser vilje til å finna løysingar i møte med ei kjend utfordring i norske klasserom. Det fortener dei ros for!