kalender

Ivar Aasen-stemnet: Min song og hjarteskatt

Tid:
15. juni 202514:30
Stad:
Aasentunet, Ørsta
Arrangør: Nynorsk kultursentrum

Velkomen til Ivar Aasen-stemnet!
I år får vi stemnetale ved forfattar og kommentator Emil André Erstad, og konserten «Min song og hjarteskatt» ved Beate S. Lech.

Emil André Erstad er sjefsredaktør i Panorama Nyheter, og har eit brennande engasjement for korleis vi kan skape ei rettferdig verd. Beate Slettevoll Lech er artist, komponist og tekstforfattar. Lech har ein lidenskap for salmar og religiøse folketonar, og gav ut albumet «Min song og hjarteskatt» i 2011. Albumet presenterte ei fengjande nytolkning av norsk salmetradisjon med tekstar av blant anna festspeldiktar Marit O Kaldhol. Årets konsert byr på nyskriven tekst og musikk frå både festspeldiktaren og artisten.