norsk tidend

– Nedbygging av sidemålsordninga vil først og fremst ramma nynorskbrukarane

Sidemålsordninga står på spel før det komande stortingsvalet. Framstegspartiet vil innføra valfri opplæring i sidemål, medan Høgre går til val på å fjerna eksamen og karakter i sidemål.

Sidemålsordninga står på spel før det komande stortingsvalet. Framstegspartiet vil innføra valfri opplæring i sidemål, medan Høgre går til val på å fjerna eksamen og karakter i sidemål.

TEKST: Jógvan Helge Gardar

Slike endringar vil vere dramatiske, meiner Synnøve Marie Sætre, leiar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret):

– Sidemålsordninga er ein hjørnestein for jamstillinga mellom nynorsk og bokmål. Ho er ein viktig føresetnad for at me som brukarar av eit mindretalsspråk har rett til å både bruka og bli møtt med språket vårt i alle delar av samfunnet, fortel ho.

11,2 % av elevane i grunnskulen har no nynorsk som hovudmål, ifølgje Statistisk sentralbyrå. Dei 71 000 nynorskelevane har bokmål som sidemål, medan fleirtalet – over ein halv million elevar – har nynorsk som sidemål.

– Ei nedbygging av sidemålsordninga vil først og fremst ramma det nynorskbrukande mindretalet, seier Øystein A. Vangsnes, professor og leiar av C-LaBL Senter for språk, hjerne og læring ved UiT, og leiar av forskingsprosjektet Multilektal skrivekunne i opplæringa.

– Då blir det endå færre som kan språket deira, og det blir dermed endå vanskelegare å bli verande nynorskbrukar. Vilkåra for nynorsk vil rett og slett bli svekt, fortel han.

– På ein måte kan ein seia at dei som vil fjerna sidemålet, ikkje lenger er villige til å ta noko ansvar for nynorsk. Anten ser dei ikkje verdien av å ha den forma for norsk språk, eller så forstår dei ikkje kor viktig det er at også bokmålsbrukarar er kunnige i og om nynorsk, seier Vangsnes. 

– Det er viktig å peika på korleis nynorsk også er gunstig for bokmålsbrukarane, seier Øystein A. Vangsnes. Foto: UiT.

Betre resultat med nynorsk

– Men eg tykkjer det er viktig å peika på korleis nynorsk også er viktig for bokmålsbrukarane, ikkje minst bokmålselevane, seier Vangsnes.

Kva tenkjer du på då?

– Eit argument ein stadig møter frå dei som vil fjerna obligatorisk sidemålsundervisning, er at ein då kan konsentrera seg om å bli god i hovudmålet: Bokmålselevane kan bli betre i bokmål dersom dei berre slepp å bruka tid på nynorsk. Men det er ikkje slik språklæring verkar. Tvert imot er det grunn til å seia at den meir varierte språkerfaringa ein får gjennom sidemålsordninga, styrkjer den generelle språkkompetansen og dermed også hovudmålet, seier Vangsnes.

– Ein kan samanlikna det med idrett: Alle idrettsutøvarar driv med variert grunntrening og øver ikkje utelukkande på dei oppgåvene dei skal gjennomføra i sjølve tevlinga i den gitte idretten. I det perspektivet kan ein sjå på sidemålsopplæring som ei form for språkleg grunntrening. 

– Og me veit jo at nynorskelevane – som nødvendigvis får meir variert språktrening på grunn av bokmålsdominansen i samfunnet – statistisk sett har betre skuleresultat enn bokmålselevane, ikkje berre i språk, men også i til dømes matematikk. 

Vangsnes, Göran Söderlund og Morten Blekesaune publiserte i 2015 forskingsresultat som tydde på at kommunar med nynorskelevar skårar betre på nasjonale prøver etter at ein tek omsyn til sosioøkonomiske tilhøve. Dei føreslo at effekten kom av den såkalla tospråklege fordelen i kognitiv utvikling.

Levedyktig, men uforløyst

Sidemålsordninga har vore gjennom fleire endringar berre dei siste åra. Dei nye læreplanane frå 2019 fjerna sidemålskarakteren i halvårsvurderingane for 8. og 9. trinn, og for VG1 og VG2. I den nye opplæringslova frå 2023 gjekk regjeringa vekk frå hovudregelen om at sidemålsundervisinga skulle ta til frå 9. klasse. I staden skal alle elevar verta eksponerte for sidemålet sitt allereie frå dei første åra på barneskulen.

Korleis fungerer sidemålsordninga i dag?

– Sidemålsordninga er absolutt levedyktig i noverande form, og det er stort rom for å drive god sidemålsopplæring innanfor rammene for ordninga slik ho er i dag, seier Synnøve Marie Sætre. 

– Det er nok likevel stor variasjon i sidemålsopplæringa elevane får, og der er eit uutnytta potensial for god sidemålsopplæring både med tanke på når elevane vert introduserte for sidemålet og korleis opplæringa går føre seg. Læreplanen legg til dømes opp til at elevane skal møte både nynorsk og bokmål frå starten av barneskulen av, og at dei skal eksperimentere med skriving på sidemålet på barneskulen. Me veit ikkje så mykje om korleis dette vert praktisert ute i skulen, men me veit at elevane har godt utbyte av å starte med sidemålsopplæringa tidlegare enn på ungdomsskulen. Det er òg viktig at elevane møter sidemålet på ein god måte, at dei vert eksponerte for språket og får arbeide utforskande med det, og at opplæringa er integrert i norskfagleg arbeid òg i andre fag, seier Sætre.

Ny didaktikk

– Ei utfordring er nok at sidemålsundervisninga ofte ikkje har det generelle språktreningsaspektet som berande prinsipp, seier Vangsnes. 

– Lese- og skriveforskarane Marte Blikstad-Balas og Astrid Roe har dokumentert at undervisninga i nynorsk som sidemål er prega av tradisjonelle tilnærmingar der ein gjerne terpar på grammatikk, puggar bøyingsmønster og nyttar andre lite engasjerande undervisningsformer. 

– Ein bør arbeida fram ein nynorsk sidemålsdidaktikk som i større grad legg vekt på meir jamleg eksponering og bruk. Ein bør i større grad etterlikna det som er den reelle situasjonen for nynorskelevar som møter bokmål heile tida utanfor skulen. 

– Dersom skulane tek læreplanen i norsk alvorleg og faktisk startar med nynorsk på mellomtrinnet (5.–7. trinn) og held fram med ein bruksbasert sidemålsdidaktikk på ungdomstrinnet, trur eg ein både kan byggja ned traderte negative haldningar og styrka den faktiske kompetansen i nynorsk hjå bokmålselevar.

Opplæring i nynorsk som sidemål står altså ikkje i vegen for at bokmålselevane skal bli gode i hovudmålet sitt?

–Nei, tvert imot. Det største trugsmålet mot utvikling av gode norskferdigheiter hjå den oppveksande slekt, er engelsk. Den veldige påverknaden frå den globaliserte engelskspråklege kulturen viser seg tydeleg i både språkbruk og -kompetanse hjå born og unge i dag. På den eine sida er det dei langt meir kunnige i engelsk no enn tidlegare, men det kjem for mange på kostnad av større usikkerheit – og treffsikkerheit – i norsk. 

Her er sidemål viktig: Aktive kunnskapar i begge dei norske språkformene aukar forståinga av og medvitet om norsk, og slik kan me seia at det utgjer eit bolverk mot den massive engelskpåverknaden. 

Sidemål frå 2025

Korleis trur du framtida for sidemålsordninga ser ut?

– Om framtidas opplæringspolitikk er kunnskapsbasert, trur eg at framtidas sidemålsordning ser ganske lik ut som ho gjer i dag, seier Sætre på Nynorsksenteret. 

– Så håper eg at me får ein ny felles rammeplan for lærarutdanningane som stiller språkkrav til fleire av utdanningane enn i dag, at potensialet i læreplanen med tidleg start og utforskande språkopplæring vert utnytta. Den viktigaste endringa eg ynskjer meg, er at alle lærarutdanningar rustar studentane til å bli gode nynorsklærarar.

I vinter fekk både Nordland og Vestfold fylkeskommunar avslag på søknadar om forsøk med valfritt sidemål i vidaregåande skule. Utdanningsdirektoratet meinte at forsøka ikkje ville vere i samsvar med ansvaret fylkeskommunen har for å bruke, utvikle og styrkje både bokmål og nynorsk.

Om søknadane skreiv Åse Wetås, direktør i Språkrådet, dette i Utdanningsnytt: «Eit liknande forsøk vart gjennomført ved ni vidaregåande skular i Oslo 2004–2007. Den gongen kom ein fram til at forsøket ikkje gav tydelege gevinstar, men at elevar som hadde skriftleg sidemålsopplæring, ikkje fekk den undervisninga dei hadde krav på, og dermed kom dårlegare ut fagleg enn dei elles ville ha gjort. Det er ikkje forsvarleg å utsetja endå eit elevkull for den same risikoen.»

RETT MED AVSLAG: – Nynorskfritak er ikkje valfridom, skriv Åse Wetås, direktør i Språkrådet. Foto: Oda Hveem.

Etter Oslo-forsøket har styresmaktene avvist alle framlegg om forsøk med valfri sidemålsundervising.

Vil forsøk som desse ha noko for seg?

– Slike negative sidemålsforsøk er politisk motiverte dårleg skjulte framstøyt for å fjerna sidemålsordninga, seier Øystein A. Vangsnes. 

– Dei er ikkje forankra i nokon reelle forskingsspørsmål, har ikkje noko forskingsdesign som held mål, og det er heilt på sin plass at dei vart stogga. Men eg skulle gjerne ha likt å sjå eit storskala positivt sidemålsforsøk med ulike intervensjonar i vilkårleg tilordna grupper: Éi gruppe kunne fått vanleg sidemålsopplæring, ei anna styrkt sidemålsopplegg i norsktimane, ei tredje større eksponering for sidemålet utanfor norsktimane, og ei fjerde ein kombinasjon. Ein kunne jamvel hatt ei gruppe som ikkje fekk anna sidemålsopplæring enn å lesa nynorsk litteratur, som er det framlegget ein del politikarar vil sukra den valfrie sidemålspillen med.

– Ein masterstudent eg rettleidde ved UiT, Kristine Bårdsen, gjennomførte for nokre år sidan ein slik studie i liten skala på ein ungdomsskule i Nord-Noreg. Kort fortalt var funnet at klassane som fekk meir nynorsk, hadde ein positiv effekt av det, men interessant nok var det ingen stor skilnad på å berre lesa meir nynorsk og det å i tillegg ha meir fokus på nynorsk i norsktimane. Kanskje er det rett og slett ikkje så mykje som skal til?