norsk tidend

– Den nederlandske humoren er litt i slekt med den vestnorske

– Det var noko med nynorsk som mindretalsspråk og «idé» som tiltalte meg: Nynorsk som grasrot-rørsle og demokratisk prosjekt, seier Robin Van de Walle. (Foto: Helge Skodvin).

Robin Van de Walle er forfattar, belgiar og nynorskbrukar. No er han også blitt omsetjar, og er aktuell med den fyrste nederlandske Skald-klassikaren.

TEKST: Jógvan Helge Gardar

Den nyaste klassikaren frå Skald kom i bokhandlarane i juni, høveleg nok i oransje omslag. Det fyrste nederlandske bidraget til serien er Unge titanar, som inneheld tre langnoveller av forfattaren Nescio: «Snyltaren», «Unge titanar» og «Ein liten poet». Aliaset er latin for «eg veit ikkje», men akkurat dét er ikkje forfattaren åleine om i denne samanhengen.

Nescio er så godt som ukjend i Noreg frå før. Kva status har han i Nederland?

– Nescio er ein av dei verkeleg store forfattarane våre, seier Robin Van de Walle. Han har omsett boka for Skald i lag med Øystein Vidnes. 

– Veldig mange nederlendarar har eit forhold til han på eit eller anna vis, gjerne fordi dei har lese novellene hans i skolesamanheng. Dette inntrykket har eg òg fått stadfesta når eg har nemnt for folk at eg var i gang med å omsetje Nescio: Mange hugsar karakterar som Snyltaren og dei unge titanane, og mange kan jamvel sitere frå boka, som den berømte opningssetninga «Bortsett frå mannen som meinte at Sarphatistraat var det vakraste Europa hadde å by på …». Eg har høyrt rykte om at du, når du spør folk på gata i Amsterdam om vegen til Sarphatistraat, at mange begynner å sitere denne setninga. Men eg har ikkje testa det sjølv enno, fortel Van de Walle.

Langsamt folkekjær

Nescio vart døypt Jan Hendrik Frederik Grönloh, og fødd i Amsterdam i 1882, der han også budde mesteparten av livet. Sjølv om produksjonen hans var liten, er novellene hans eit fast innslag i skuleundervisninga i heimlandet, og alltid med når den beste nederlandske litteraturen blir kåra. Debuten som forfattar kom under pseudonym i 1911, og først då tekstane hadde begynt å bli ein snakkis blant unge forfattarar, avslørte Nescio det verkelege namnet sitt i eit forord til andreutgåva frå 1933. Då hadde mannen bak aliaset i fleire år hatt ei trygg stilling som direktør i The Holland-Bombay Trading Company, selskapet han hadde jobba for heilt frå 1904. Etter at han slutta i direktørstillinga si levde Grönloh eit tilbaketrekt liv, medan verka hans sakte men sikkert vart klassikarar i den nederlandske bokheimen. 

Likevel opplever eg ikkje desse tekstane som sørgjeleg lesnad – det er dei for livsglade, fargerike og morosame til: Ungdomleg hovmod, idealisme og kunstnarisk svermeri blir skildra med overskot og lun humor. For forteljaren er tida som ung titan omme, men «[…] når eg tenkjer over det, må denne tida enno vare, ho varer så lenge det finst gutar på nitten, tjue år».

Frå etterordet av Robin Van de Walle

– Det er ingen tvil om at Nescio er ein folkekjær forfattar som framleis er mykje lesen i dag. Eg trur det er fordi han skreiv så tilgjengeleg og ukomplisert, på eit munnleg språk, om personar og stader som er gjenkjennelege for mange nederlendarar. Og så er han veldig morosam! Men det er viktig å nemne at mykje av denne statusen har Nescio først fått etter sin død i 1961. Denne boka blei fullstendig ignorert då ho først kom ut i 1918, og i fleire tiår var ho først og fremst ei kultbok som det berre var kunstnarar og litteratar som las. Difor er det ekstra gøy at han er blitt så kjend seinare. Og i dei seinaste åra har han tilmed fått eit slags gjennombrot i utlandet, og blitt omsett til blant anna engelsk og tysk, seier Van de Walle.

Den franske omsetjinga kom i 2005, den tyske i 2016, og i 2012 kom den fyrste til engelsk under tittelen Amsterdam Stories. Samlinga inneheldt dei same novellene ein finn i Unge titanar, i lag med seks andre tekstar. Dei var alle omsett av Damion Searls, som her til lands best er kjend som omsetjar for Jon Fosse. 

Kva gav deg lyst til å omsetje Nescio no?

– Han har vore ein av yndlingsforfattarane mine heilt sidan eg las han for første gong som syttenåring. Og då eg skjønte at han enno ikkje fanst på norsk, begynte eg å leike med tanken… 

– Tematisk merkar eg at desse tekstane talar endå meir til meg i dag, enn dei gjorde då eg var sytten. Det er noko med denne kjensla av tapt ungdomstid, og av kunstnardraumen som måtte vike for eit vanleg kvardagsliv med vaksenjobb og kontorarbeid … Dette er tema som eg òg grublar mykje på, må eg seie. 

Belgiar og nynorskbrukar

– Men det finst òg personlege grunnar for at dette kjendest som eit riktig tidspunkt å omsetje boka, ikkje minst har det med nivået på norsken min og sjølvtilliten min som nynorskbrukar å gjere.

OMSETJARDEBUTANT: Robin Van de Walle har omsett Unge titanar i lag med Øystein Vidnes.

Van de Walle er nemleg oppvaksen i Belgia, og har flamsk som morsmål. Etter studium i norsk ved universitetet i Amsterdam, kom han til Oslo som Erasmus-student for å studere litteraturformidling. Dét var i 2014. Seinare flytta han til Bergen, der han er blitt verande. Språkvalet kom tidleg:

– Eigentleg hadde eg allereie frå starten av studiet ein idé om at det var nynorsk som måtte bli språket mitt, og eg vart ganske skuffa då det viste seg at dei ikkje hadde noko opplæringstilbod på nynorsk i Amsterdam. 

Men kvifor nynorsk?

– Tja, eg syntest jo at nynorsk var vakkert. Men det var òg noko med nynorsk som mindretalsspråk og nynorsk som «idé» som tiltalte meg: Nynorsk som grasrot-rørsle, som eit demokratisk prosjekt som hadde med inkludering og mangfald å gjere, og tanken om at også periferien hadde krav på sitt eige språk. Valet hadde også å gjere med bakgrunnen min som belgiar, trur eg: Som flamlending er eg van med å ikkje kunne skrive på mitt eige språk. Vi har ikkje noko eige flamsk skriftspråk, og er nøydde til å bruke den nederlandske norma, sjølv om flamsk talespråk er nokså forskjellig frå nederlandsk. Vi har aldri hatt vår eigen Ivar Aasen, kan du seie. Så det at nynorsk i det heile teke finst, opplever eg som ein stor luksus. Ein luksus som fleire burde nytte seg av.

Har du tips til korleis ein kan få fleire tilflyttarar til å velje nynorsken?

– Eit konkret tips, og som iallfall har vore nyttig for meg, er å skaffe seg ei nynorsk ordliste frå før 2012, då det framleis fanst hovudformer og klammeformer. Slike ordlister finn du på kvar bruktbutikk til 10 kroner eller noko sånt. For når ein ikkje har noka dialekt å falle tilbake på, kan det vere ganske vanskeleg å finne vegen gjennom alle dei valfrie formene som er tillatne på nynorsk, og å skjønne kva former som passar saman eller ikkje. Systemet med hovud- og klammeformer løyser mykje av dette problemet. 

– Men på eit meir overordna og språkpolitisk plan, så meiner eg jo at nynorsken hadde hatt godt av å bli brukt i fleire samanhengar enn det som er tilfellet i dag. Kvifor skal matbutikkar i nynorskkommunar ha opningstidene sine på bokmål, til dømes? Kvifor skal mjølka som er produsert på gardar nær meg, vere på bokmål? Kvifor er ikkje togannonsane på Bergensbana på nynorsk? Tilflyttarar kjem jo berre til å lære seg nynorsk om dei føler det er nyttig for dei, og om dei ser at språket blir brukt rundt dei. Og det skal det jo, ifølgje lova. Nynorsk er likestilt med bokmål, så då må vi krevje at språket blir brukt. 

Nynorsk Nescio

Blant dei nynorske klassikarane frå Skald finst både dei største namna i verdslitteraturen og meir ukjende forfattarar. Då Nescio skulle omsetjast, var det naturleg å velje nynorsk:

– Eg meinte det hadde vore gøy om han vart omsett til nynorsk, sidan han skreiv så talemålsnært på nederlandsk, og han har ein lun humor som eg syntest hadde passa spesielt godt i nynorsk språkdrakt. Den nederlandske humoren er generelt litt i slekt med den vestnorske, føler eg, seier Van de Walle. 

Omsetjinga er laga i samarbeid med Øystein Vidnes, som har fleire Skald-klassikarar på samvitet, m.a. Robert Musils Tre kvinner og Roberto Arlts Sju galningar. I tillegg er han som vanleg involvert som formgjevar av boka. 

Kva utfordringar finst i å omsetje nederlandsk, eller Nescio spesielt, til nynorsk?

– Nederlandsk og norsk er jo i utgangspunktet i slekt med kvarandre, og det er mange nederlandske låneord på norsk, så det gjer oppgåva litt lettare, seier Van de Walle.

– Det er sjølvsagt også mange forskjellar. Ei konkret utfordring var til dømes tittelnovella: «Titaantjes». Dette «-tje»-elementet er ein såkalla diminutiv, og blir klistra til ordet for å antyde at noko er lite eller smått, men det kan også bety at du har eit ømt og kjærleiksfullt forhold til ordet. Øystein og eg har landa på «Unge titanar» her, men «Små titanar» hadde ikkje vore uriktig heller. Men vi følte at det var viktigare å vektleggje alder snarare enn storleik i dette tilfellet. 

– Ei anna utfordring er at nederlandsk har mange små ord som «weer, wel, eens, nou, toch» som folk liker å stable oppå kvarandre i setningar, for å lage små nyansar i betydninga. Men sidan desse einstavingsorda har fleire stavingar på norsk («igjen, likevel, ein gong, faktisk») kan setningane fort bli veldig tunge om ein skal få med absolutt alt. Så då må ein ofre noko av nyansen for flytens skuld. Og så er det også noko med den nederlandske direktheita, som kan verke litt frekk og uhøfleg om ein skulle omsett alt ordrett til norsk. Imperativ-forma er mykje vanlegare på nederlandsk, så her og der har vi vore nøydde til å omformulere til eit spørsmål, for at ikkje norske lesarar skulle få bakoversveis heile tida og føle at folk blei kommanderte frå ende til annan.

Vanskeleg å kategorisere

Dei tre novellene i samlinga er skrivne i perioden 1909 til 1918, men det er ikkje sjølvsagt at det er desse åra Nescios skrivestil høyrer mest heime i.

– Stilistisk sett er han litt vanskeleg å kategorisere, seier Van de Walle. 

– Då vi hadde litteraturhistorie på vidaregåande, hugsar eg at vi lærte om modernisme og naturalisme og slikt, men at det alltid blei litt sånn: «Å ja, og så finst Nescio sjølvsagt», som om han var i sin eigen kategori. Men novellene vart altså skrivne like før og under første verdskrig, i det som var ei økonomisk nedgangstid i Nederland. Det finst klare nyromantiske innslag her, med lyriske naturskildringar og skildringar av det agrare nederlandske landskapet – som allereie var i ferd med å forsvinne på den tida, på grunn av industrialiseringa. Språket hans er nøkternt og upretensiøst, og peiker allereie fram mot den «nye saklegdomen» som vart populær på 1920-talet. Det finst òg ein tydeleg kapitalismekritikk her, og eit skråblikk på det moderne arbeidslivet som noko sjeledrepande og fordummande. 

Og om ein då såg i retning Schouwen, kunne ein sjå det roterande lyset blinke. Ein time lenger ut i sjøen låg ei bøye som lyste opp og slokna. Og vatnet skvulpa og steig og fall, og gjennom natta kraup sola usynleg i nord. Og det siste lyset frå dagen vandra med henne og vart til det første lyset til ein ny morgon. Slik rørte den eine dagen ved den neste, slik det alltid er i juni. 

Frå «Snyltaren»

Desse novellene er fulle av mannsfigurar, både urolege, drøymande, poetiske, men også desillusjonerte og resignerte: Kva gjer det for aktualiteten?

– Ja, novellene handlar om ein gjeng unge menn i Amsterdam på tidleg 1900-tal. Dei er kunstnarsjeler på kvar sitt vis: ein er poet, ein er landskapsmålar, ein er Dante-omsetjar, og så vidare. Dei har store draumar og store ideal, men så innser dei at det ikkje går an å leve slik i lengda. Dei treng pengar, dei treng ein vanleg jobb for å forsørgje familien. Og ein vanleg jobb på den tida, det betydde: Å vere på kontoret frå ni til seks, måndag til laurdag. Om ein då var heldig og jobba på kontor, og ikkje i ein fabrikk. Så dette er tekstar som i høg grad handlar om kunstnarkår, har eg tenkt, og om kva som skjer når eit samfunn gjer det umogleg for folk å utvikle dei kreative talenta sine. Dette kjennest jo ganske aktuelt i dag, når mange stipendordningar er under press, og kulturbudsjetta strammast inn rundt omkring i kommune-Noreg. Når kreative sjeler må gi opp kunsten sin for å ha råd til mat og bustad: Dette blir det resignerte menneske av! 

I etterordet sitt skriv Van de Walle: «Når eg les Nescios noveller på nytt som trettiåring, slår det meg i kor stor grad dei er gjennomsyra av melankoli. Dei blir fortalde av ein forteljar som ser tilbake på ei tid som har vore, og som han har mista tilgang til. Då valet stod mellom å realisere kunstnardraumen eller å skaffe seg ein kontorjobb som gav finansiell tryggleik, valde han det siste. Det same gjer dei fleste andre personane i novellene: Ein etter ein oppdagar himmelstormarane at dei treng pengar for å leve eit komfortabelt liv, og at kunsten ikkje kan gi dei det. Dei få som faktisk vel bohemlivet, endar opp med anten å ta livet sitt eller gå frå forstanden.»

Slik var det: Gud viste andletet sitt og skjulte det igjen. Du kom ingen veg, sjølv om du beundra jentene på avstand og let munnane deira bli kyssa av andre, av dei viktige herrane, som dei stort sett likte betre enn oss. Dei var så mykje meir respektable og snakka så pent. Og vi var fattiglus. 

Frå «Unge titanar»

Det slår meg at mange av dei seinare klassikarane i serien til Skald er frå tida rundt høgmodernismen på 20-talet. Er det noko ved denne litteraturen som talar spesielt til tida vår? 

– Reint personleg, så synest eg at ja, det er noko med den modernistiske litteraturen som framleis kjennest veldig relevant i dag, både tematisk og formmessig. Om eg skulle nemnt forfattarar som eg verkeleg kan lese om att og om att, så blir det påfallande mange modernistar, som Woolf, Musil, Hamsun …  Kanskje det er fordi verda som tekstane deira oppstod i, liknar så mykje på vår eiga? Korleis skal ein som individ klare å navigere ei uoversiktleg og kaotisk verd, og samstundes halde litt styr på sine eigne kjensler og tankar? 

– Men eg må seie at eg òg er veldig interessert i romantikken som stilepoke, og i korleis romantikken og modernismen heng saman med kvarandre og veks ut av kvarandre. Skald har jo òg utgitt ein del romantiske verk i klassikarserien, som Goethe, Brontë og Büchner. Romantikarane hadde ein stor sensitivitet for det individualistiske, kombinert med dyrking av naturen og landskapet, og dette blir jo ikkje heilt borte i modernismen – tenk på den tidlege Hamsun. Men også Nescio var verksam i skjeringspunktet mellom desse to straumdraga, føler eg. Han såg skjønnheita både i det urbane og i det landlege, i det moderne og det gamle. 

Usjåleg var den vesle båten, skorsteinen stakk så vidt opp, nesten utan røyk, dei håse tuta hans fortapte seg i det vidstrekte. I time etter time fór han over vatnet, mellom åkrane under den umåtelege himmelen.

Frå «Ein liten poet»

Omsetjardebut

Robin Van de Walle har erfaring frå mange hjørne av det norske litteraturmiljøet. Til dagleg jobbar han som litteraturformidlar ved Bergen Offentlege Bibliotek. I 2020/2021 gjekk han årsstudiet ved Skrivekunstakademiet i Bergen, og i år går han påbyggåret same stad. Debuten som skjønnlitterær forfattar kom i 2022, med romanen Han, Solo. No debuterer han altså også som omsetjar.

Kva slags mottaking vonar du boka får i Noreg?

– Eg håpar jo framfor alt at mange får ei god leseoppleving. Kanskje nokon blir like begeistra over desse vittige, sprelske og merkverdige forteljingane, som eg blei då eg først las dei? Eg håpar også at boka kan bidra til at fleire nordmenn blir interesserte i nederlandskspråkleg litteratur, og kanskje får lyst til å lese meir, oppdage meir. Det finst veldig mykje bra der ute, men berre ein brøkdel av det har blitt omsett til norsk. Sjølv om Nederland og Noreg ligg kvarandre nært, både geografisk, språkleg og kulturelt, er den nederlandske litteraturen framleis veldig, veldig ukjend i Noreg. Men Nescio er ein bra plass å starte, iallfall!