aktuelt

To veker til sidemålstreken

Frå v. Kirsti Bergstø (SV), Dag Inge Ulstein (KrF), Jonas Gahr Støre (Ap), Marie Sneve Martiniussen (R), Live Havro Bjørnstad (Mållaget), Guri Melby (V), Kathrine Kleveland (Sp), Arild Hermstad (Mdg).

Noregs Mållag var godt representert på Arendalsveka for å visa fram kor avgjerande viktig sidemålspolitikken er i stortingsvalkampen i år.

Med to debattmøte og ein vandrande mållagspatrulje, markerte me oss og gjorde kampanjen vår godt synleg både i gatebiletet, blant publikum og i sosiale medium.

Heia nynorsk – heia sidemål!

No gjeld det å halda trykket oppe! Det er to veker att av valkampen til partia, og me mobiliserer verkeleg alle gode krefter me har i organisasjonen. Lokallag over heile landet stiller opp saman, står på stand og pratar med både politikarar og veljarar om kor viktig det er å gje stønad til parti som vil styrkja ikkje svekkja norsk språkopplæring i skulen. 

Kva står på spel?

Å kutta sidemål i skulen er å undergrava nynorsken. Sidemål er basiskunnskap, og byggjer respekt, forståing og likestilling. Det treng me meir av i skulen, ikkje mindre. FrP vil la elevane velja vekk sidemål, og Høgre vil fjerna karakter og eksamen. Denne politikken vil gjera uoppretteleg skade på nynorsken, og er noko Noregs Mållag åtvarar mot på det sterkaste. 

Førre veke tok også Utdanningsforbundet, som representerer 190 000 lærarar, eit oppgjer med FrP sin skulepolitikk. I eit oppslag i Dagbladet, løfta dei eksplisitt fram sidemålsordninga som ein grunnleggande del av opplæringa.

Er du glad i nynorsk?

Hjelp til du også! Prat med dei du har rundt deg og forklar dei kvifor sidemålsordninga er så viktig og kva sidemålspolitikk partia går til val på. Nynorsken fortener ei regjering tufta på offensiv språkpolitikk med ambisjonar!

Med oransje vestar og raude nynorsk-hjarte, er me klare for å gjera ein siste innsats inn mot valet. 

Les og sjå her for å vera trygg i argumentasjonen din.