Sidemål frå a til å
Noreg er eit tospråkleg land med to likestilte skriftspråk – nynorsk og bokmål. Dette språklege mangfaldet er ein sentral del av vår kultur og historie.
For å sikre reell språkleg likestilling og gi alle elevar fridomen til å velje kva skriftspråk dei vil bruke, har vi obligatorisk sidemålsopplæring med karakter i skulen. Sidemålsordninga har vore ryggrada i norsk språkpolitikk sidan ho vart vedteken av Stortinget i 1907.
Kvifor er sidemålsopplæringa så viktig?
- Det mest kraftfulle verktøyet for å sikre jamstilling mellom dei to norske språka: Vi har to offisielle skriftspråk, og det er viktig at skulen gir opplæring i begge språka. Dette er ikkje berre eit fagleg ansvar, men også eit demokratisk ansvar som sikrar at alle kan navigere i eit samfunn der begge skriftspråka er i bruk.
- Fridom til å velje språk for livet: Sidemålsopplæring sikrar at alle elevar kan velje om dei vil skrive nynorsk eller bokmål i framtida. Ein må meistre eit språk før ein kan velje det. Dette gir reell fridom og moglegheiter for alle, uavhengig av kva språk som er vanlegast der dei vaks opp.
- Styrke nynorsk som mindretalsspårk: Obligatorisk opplæring i begge målformer gjer nynorsk synleg og tilgjengeleg for alle elevar. Dette bidreg til å styrkje nynorsk sin posisjon som eit statsberande språk og sikrar at mindretalet ikkje blir pressa ut av det offentlege rommet.
- Språkkompetanse avlar språkkompetanse: Opplæring i sidemål styrkjer ikkje berre sidemålet, men også hovudmålet. Arbeidet med begge skriftspråka gir elevane betre språkforståing, eit større ordtilfang og meir presis språkbruk.
Kvifor er eigen karakter i sidemål viktig?
- Signaliserer likeverd mellom nynorsk og bokmål: Eigen karakter i sidemål viser at begge skriftspråka er like viktige. Å fjerne karakteren ville sende eit signal om at sidemål ikkje tel like mykje som hovudmålet, og slik svekkje jamstillinga mellom nynorsk og bokmål.
- Demokratisk og kulturell verdi: Nynorsk er ein del av norsk språk, norsk historie og tradisjon. Det er ein del av identiteten vår. Ein eigen karakter i sidemål (som for storparten av elevar er nynorsk) er sentralt for å sikre nynorsk som språk. Det er ikkje så enkelt at det berre handlar om ein karakter. Sidemålskarakteren har mykje å seie for nynorsk språk.
- Styrkjer opplæringa: Karakteren sikrar at sidemålsopplæring blir prioritert. Det gjer at opplæringa meir strukturert, og elevane får betre tilbakemelding på utviklinga si. Dette sikrar eit høgare læringsutbyte og oppmuntrar elevane til å gjere ein innsats.
- Motverkar svekking av sidemålsopplæringa: Utan eigen karakter kan sidemål bli sett på som mindre viktig, noko som kan føre til redusert innsats frå både lærarar og elevar. Eigen karakter sikrar at sidemålet blir prioritert. Det er særleg viktig i ein karakterstyrt skulekvardag.
- Førebuing til framtida: Ein halv million arbeidsplassar krev at du kan nynorsk. Ein journalist, revisor, jurist, kommunikasjonsrådgjevar, lærar og byråkrat har alle til felles at dei fort får bruk for nynorsk i arbeidet sitt. Og i mange kommunar er nynorsk arbeidsspråk uansett kva ein jobbar med. Å ha ein eigen karakter i sidemål gjer at elevane vert betre rusta til å møte denne framtida.
Kva må til for å styrkje sidemålsopplæringa?
- Tidleg start: Elevar skal møte sidemålet alt frå 2. klasse og i eit passande tempo bli meir og meir kjende med språket, fram til dei på ungdomsskulen skal få karakter i sidemålet. Sjølv om dette er slik læreplanen legg opp opplæringa, er det få som får ei slik opplæring. Dette må følgjast opp. Språklæring er ein prosess som krev mange møte, ikkje gramatikkpugging rett før ein prøve.
- Kompetente lærarar: Lærarutdanninga må utdanne lærarar til å vere sidemålslærarar. I ei nyleg undersøking svarar halvparten av norsklærarar at dei ikkje kjenner seg godt rusta til å undervise i sidemål. At lærarane ikkje er trygge i sidemål, går hardt ut over elevane.
- Meir og betre opplæring: Sidemålsundervisninga må få meir tid og ressursar, og undervisninga bør fokusere på praktisk språkbruk i staden for tung grammatikk. Kreative metodar som å bruke sidemål i praktiske prosjekt som podkastar, songtekstar og rollespel, kan gjere opplæringa meir motiverande og relevant.
- Sikre vurdering og eksamen: Standpunktkarakteren i sidemål må liggje fast og vere førande for opplæringa heile skuleløpet. Ein avsluttande eksamen i vidaregåande skule må sikrast for å signalisere at sidemål er like viktig som hovudmål.