Nynorsk salmekveld
Publisert:
12. september 2025
Tid:
2. oktober 2025— 19:00
Stad:
Ørskog Kyrkje
Arrangør: Borgund Mållag
I 2025 er det 100 år sidan Nynorsk salmebok vart gjeven ut. Den nynorske salmeboka fekk svært mykje å seie for nynorsk som kyrkjemål og for nynorsken som samfunnsberande språk.
Dette arrangementet markerer jubileet med salmar og tonar, refleksjonar og ei vandring gjennom bakgrunnen for denne verdifulle salmearven.
Markeringa er eit samarbeid mellom Borgund Mållag og Ørskog sokneråd. Det blir foredrag om Nynorsk salmebok ved Marit Kaldhol og utvalde salmar frå boka ved Skodje og Ørskog kyrkjekor.
I staden for inngongspengar, ber vi om ei gåve til arbeidet vårt