norsk tidend

Etne og Stranda vel vaksenopplæring på nynorsk

– Dersom kommunen ser på innvandrarane som ein ressurs som dei vil halda på i framtida etter ferdig norskopplæring, så bør dei tilby ei norskopplæring som følgjer det som er det vedtekne skriftspråket i kommunen, meiner Svein Olav B. Langåker, dagleg leiar i LNK. Foto: Magne Langåker.

– Det er oppløftande at to nye kommunar har bestemt at dei skal skifte til nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar, seier Noregs Mållag.

TEKST: Jógvan Helge Gardar

Opplæringsspråket i vaksenopplæringa er ikkje regulert i lovverket, men opp til kvar enkelt kommune å avgjere. Talet på kommunar som tilbyr vaksenopplæring på nynorsk, endrar seg difor stadig. I skrivande stund gjev 42 kommunar vaksenopplæringa på nynorsk, medan fire kommunar (Suldal, Eidfjord, Kinn og Ullensvang) nyttar både bokmål og nynorsk. Samstundes er det 42 nynorskkommunar som nyttar bokmål i vaksenopplæringa, viser ei kartlegging gjord av Norsk Tidend (sjå side 6–7).

Meir nynorsk

Dei nyaste tilskota til kommunane med nynorsk som opplæringsspråk for vaksne innvandrarar, er Stranda kommune på Sunnmøre, og Etne kommune i Sunnhordland. 

– Dette har både det lokale mållaget og enkelte kommunestyrerepresentantar engasjert seg sterkt for, seier Einar Arve Nordang, ordførar i Stranda kommune. 

– Tidlegare var det vanskar med å skaffe læremateriell, men den forklaringa gjeld ikkje lenger. Etter at eg hadde svart ut fleire interpellasjonar om temaet, kalla eg inn kommunalsjef, mållaget og lærarane, og spurde kva som skulle til. «Å bestemme oss», fekk eg til svar. Då vart det gjort, forklarar Nordang.

Kommunestyret i Etne handsama spørsmålet 18. februar. Sjølv om tilrådinga frå hovudutvalet var å halde fram med bokmål som opplæringsspråk, vann eit endringsframlegg fram, fremja av Andreas Grumheden frå Arbeidarpartiet. Framlegget vart vedteke mot éi røyst frå Høgre.

Kommunalsjef for oppvekst og kultur i Etne kommune, Mona Rasmussen Sævik, viser til handsaminga i kommunestyret, og skriv om endringa: «Det blir gjort endringar etter kvart som nye kjem inn og det er mogleg å få det til. Dei som er starta held fram med bokmål.»

SKÅNEVIK: Kommunestyret i Etne vedtok overgang til nynorsk 18. februar. Sjølv om tilrådinga frå hovudutvalet var å halde fram med bokmål som opplæringsspråk, vann eit endringsframlegg fram, og vart vedteke mot éi røyst. Foto: Krib/Wikipedia.
SKÅNEVIK: Kommunestyret i Etne vedtok overgang til nynorsk 18. februar. Sjølv om tilrådinga frå hovudutvalet var å halde fram med bokmål som opplæringsspråk, vann eit endringsframlegg fram, og vart vedteke mot éi røyst. Foto: Krib/Wikipedia.

Mållaget nøgd

– Det er oppløftande at to nye kommunar har bestemt at dei skal skifte til nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

– Språkopplæringa er avgjerande for inkluderinga. Det er ein fordel at dei vaksne innvandrarane lærer nynorsk, slik borna deira gjer. Det kan også gjere det lettare å lære den lokale dialekta og forstå dialektmangfaldet i Noreg, seier Hauge.

– Nokre nynorskkommunar har opp imot 25 % innvandrarar. Det seier seg sjølv at nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar vil vere svært viktig for å sikre nynorsken som fellesspråk i desse bygdene.

Siri Klokkerstuen, leiar i Etne Mållag og varamedlem til kommunestyret for Arbeidarpartiet, utdjupar:

– For innvandrarar med barn, så er det best for språkopplæringa at dei lærer det same skriftspråket. Det er ein stor fordel å lære språket som blir brukt der du bur, og mange stader, t.d. i Etne, er det å lære nynorsk i vaksenopplæringa også ein enklare inngang til det lokale talemålet. Etne Mållag har blitt kontakta av føresette som syns det har vore vanskeleg når barn og foreldre lærer to ulike skriftspråk.

Utgreiinga frå Etne kommune stør denne vurderinga, og trekkjer fram aksept blant lokalbefolkninga, skulemålet og arbeidsspråket i kommunen som grunnar til å velje nynorsk. Men utgreiinga skildrar også mange grunnar til å velje bokmål, og fell ned på at dei er meir tungtvegande. Dét fekk likevel lite støtte i kommunestyret.

Bokmål i 42 nynorskkommunar

Med desse endringane, er det 42 nynorskkommunar som held på bokmål i vaksenopplæringa. 

– Det er svært gode grunnar for at innvandrarar i nynorskkommunane skal få rett til undervising på nynorsk, seier Svein Olav B. Langåker, dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

– Viss kommunane ønskjer å ta vare på skriftspråket i kommunen og hjelpe innvandrarane til å bli godt integrerte og bli buande i kommunen, så er det aller best om innvandrarane får tilbod om nynorskopplæring. Ifølgje undersøkingar me har gjort, så er det fleire innvandrarar som blir buande etter ferdig norskopplæring i dei nynorskkommunane som tilbyr nynorskopplæring, samanlikna med dei som tilbyr opplæring på bokmål. Og tal frå SSB viser at det er ein større del som er i jobb eller utdanning i dei kommunane som tilbyr nynorskopplæring, seier Langåker.

STRANDA: – Dette har både det lokale mållaget og enkelte kommunestyrerepresentantar engasjert seg sterkt for, seier Einar Arve Nordang, ordførar i Stranda kommune. Foto: Halvard Hatlen/Wikipedia.

Behov for læremiddelløft

Men han presiserer at slike endringar ikkje berre kan vere opp til kommunane sjølve.

– Vaksenopplæringane i medlemskommunane våre er svært tydelege på at det er behov for fleire læremiddel. For fire år sidan gjennomførte me ei undersøking som viste eit unisont krav om betre tilgang til nynorske læremiddel. Rektorane melder òg om eit stort behov for digitale læremiddel, ordbøker, grammatikk og tilleggsmateriale, seier Langåker.

Likevel har situasjonen betra seg dei seinare åra.

– På den andre sida, så har det skjedd mykje sidan 2010. I 2015 kom det første læreverket på B2 både på nynorsk og bokmål. Og i 2019 kom det to nye læreverk for alfabetiseringsdeltakarane, seier Langåker.

Det vert også stadfesta av kommunane sjølve i kartlegginga på side 6–7.

– Undersøkinga vår viser at dei av kommunane som underviser på nynorsk er litt meir positive til læremiddelsituasjonen på nynorsk. Med nye midlar i år til omsetjing av læremiddel til nynorsk, så bør ikkje manglande læremiddel vere ein grunn til å ikkje undervise på nynorsk, sjølv om det er trong for fleire læremiddel på nynorsk, seier Langåker i LNK.

Det seier mållagsleiaren seg einig i:

– Somme kommunar har gjeve nynorsk opplæring i over 20 år. Det er difor godt innarbeidd. Likevel trengst det mange fleire læremiddel på nynorsk. Her burde Arbeids- og inkluderingsdepartementet stille med meir midlar, slik at vi får ein heilt nødvendig auke av læremiddel for denne gruppa, slår Peder Lofnes Hauge fast.

Men det finst òg andre tiltak, seier han:

– Eg trur at fleire nynorskkommunar kan ha fordel av å lære meir av kvarandre. Me meiner dette er eit politisk spørsmål som kommunestyret bør ta stilling til. Me tar dette opp med møte i medlemskommunane våre, og lokale mållag og andre kan gjerne òg gjere det.