Kva har elevar rett på?
Vanlege spørsmål og svar om nynorsk i skulen.
Barnet mitt / eg har nynorsk som hovudmål, men får utdelt mykje læremiddel på bokmål. Er det lov?
Den  klare  hovudregelen  er  at  læremiddel  skal  liggje  føre,  og  dermed  delast  ut,  på  hovudmålet  til  eleven.  Føresetnaden  er  at  dei  dekkjer  sentrale  kompetansemål  og  skal  brukast  over  tid. 
Det  er  skuleeigaren,  i  dei  fleste  tilfelle  kommunen,  som  har  ansvaret  for  å  ikkje  ta  i  bruk  læremiddel  som  ikkje  fyller  lovkravet.  Du  bør  difor  ta  det  opp  med  skulen  om  det  blir  nytta  læremiddel  på  bokmål.
Noregs  Mållag  fører  oversyn  over  kva  digitale  læremiddel  som  er  tilgjengeleg  på  både  bokmål  og  nynorsk,  og  kva  læremiddel  som  ikkje  er  det. 
Barnet mitt / eg har nynorsk som hovudmål, men får ikkje lærebøker til skulestart. Kva gjer eg?
Lærebøker  skal  liggje  føre  til  same  tid  og  same  pris  på  både  bokmål  og  nynorsk.  Det  er  skuleeigaren  som  har  ansvar  for  å  ikkje  ta  inn  lærebøker  som  ikkje  følgjer  lovkravet,  så  dette  må  du  ta  opp  med  skulen.
Barnet mitt har nynorsk som hovudmål, men får mykje av undervisninga si på bokmål. Er det lov?
På  barneskulen  er  det  som  ein  klar  hovudregel  ikkje  det.  Etter  barneskulen  finst  det  ikkje  reglar  for  kva  målform  lærarane  skal  undervise  på,  eller  reglar  som  sikrar  at  elevane  får  prøver  og  oppgåver  i  si  eiga  målform.  Det  er  difor  opp  til  kvar  einskild  skuleeigar  korleis  dette  blir  praktisert.  I  somme  klassar  går  bokmål-  og  nynorskelevar  i  lag  i  språkblanda  klassar,  og  då  vil  det  sjeldan  bli  undervist  berre  på  nynorsk.  Vi  rår  deg  til  å  ta  saka  opp  med  skulen  om  du  opplever  undervisning  på  bokmål  i  klassar  der  nynorsk  er  hovudmål,  eller  om  du  opplever  lite  nynorskundervisning  i  språkblanda  klassar.
Har eg rett til å velje at barnet mitt skal ha nynorsk som hovudmål på skulen?
Hovudregelen  er  at  elevane  får  det  hovudmålet  som  kommunen  har  avgjort  for  krinsen.  Men  dersom  minst  10  foreldre  ønskjer  det,  har  dei  krav  på  at  det  blir  oppretta  klasse  for  det  andre  språket.
Reglane  følgjer  av  opplæringslova.
Vil du at barnet ditt skal gå i nynorskklasse, sjølv om skulen har bokmål som opplæringsmål? Du finn meir informasjon om nynorskklassar her.