Nynorskstafetten dag 1: Sauda
Denne veka reiser Nynorskstafetten i Ryfylke i Rogaland, i kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand. Gjennom ei heil veke vert det snakka om nynorsk med ordførarar, kommunedirektørar, oppvekstsjefar, tilsette i barnehagar og på skular, på bibliotek og med lokalt næringsliv for å nemne nokre. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med både materiell og folk. Vi får god hjelp av Nynorsk kultursentrum som sender ut forfattarar og lagar fleire andre gode tilskipingar retta inn imot næringslivet.
Sauda. Dag 1.
Program:
08:00 – Målferd på Sauda VGS
09:15 – Møte med Austraheim skule
12:00 – Lunsjmøte med Nynorsk bedriftsforum – Suldal kulturhus
13:00 – Møte med Brakamoen barnehage
17:00 – Møte med Sauda Mållag, Sauda Kulturhus
Mannskap:
Noregs Mållag: Hege Lothe // Tonje Thorstad Kildal
Norsk Målungdom: Endre Helland Gujord, Johannes Rønning og Janne Urkegjerde
Kontaktpersonar:
Leiar Terje Fatland: 91 54 75 56