Nynorskstafetten dag 2: Suldal
Denne veka reiser Nynorskstafetten i Ryfylke i Rogaland, i kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand. Gjennom ei heil veke vert det snakka om nynorsk med ordførarar, kommunedirektørar, oppvekstsjefar, tilsette i barnehagar og på skular, på bibliotek og med lokalt næringsliv for å nemne nokre. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med både materiell og folk. Vi får god hjelp av Nynorsk kultursentrum som sender ut forfattarar og lagar fleire andre gode tilskipingar retta inn imot næringslivet.
Suldal. Dag 2. Program:
08:30 – Møte med Suldal kommune, kommunehuset
11:00 – Innleiing: Korleis hindra målbyte? Hetland vgs i Stavanger.
12:00 – Møte med Sand skule
13:30 – Møte med Marvik skule
Mannskap:
Noregs Mållag: Hege Lothe // Tonje Thorstad Kildal
Norsk Målungdom: Janne Urkegjerde og Endre Helland Gujord
Nynorsksenteret: Synnøve Marie Sætre
Kontaktpersonar:
Leiar Gerd Helen Bø, 41 47 30 37