Haustfest Fredrikstad Mållag
Publisert:
21. oktober 2025
Tid:
20. november 2025— 18:30
Stad:
Cafe Fru B
, Fredrikstad
Arrangør: Fredrikstad Mållag
Som vanleg i november inviterer Fredrikstad Mållag til haustfest for medlemmer og venner av laget. Denne gongen blir det i «Cafe Fru B» på Værste-området. Torsdag 20. november med start klokka 18:30 får vi ha heile restauranten for oss sjølv, og alt ligg til rette for ein flott kveld med god mat og artig prat – pluss kulturelle innslag. Lyrikaren Hans Günther Bonenberger les utvalde dikt for forsamlinga. Elles reknar arrangøren med at deltakarane bidrar med stubbar frå Voss og andre storarta stader på kloden.
Påmelding til Fredrikstad Mållag ved Magne Aasbrenn, telefon: 97970065. Frist 10. november.