Nynorsk næringslivspris 2025 til Kattnakken
Regntøyprodusenten frå Stord, grunnlagd av Silje Vatne Ersland i 2013, har halde små og store tørre i regnvêret sidan starten. Verksemda har suksess og aukar stadig omsetninga. No får dei nynorsk næringslivspris for stødig nynorskbruk.
– Med nynorsk som språk på nettsider, merkelappar, i sosiale medium og annan kundekommunikasjon, viser Kattnakken fram korleis nynorsk språk kan kombinerast med suksess i næringslivet, seier juryleiar Monika Haanes Waagan.
Nynorsk er ein del av det flotte og ærlege uttrykket til Kattnakken. Nynorskbrukarar i heile landet vert stolte og glade av å sjå språket sitt i bruk på denne måten.
– Kattnakken, ved gründer, eigar og kreativ leiar Silje Vatne Ersland, fortener verkeleg heider og takk for å halde på nynorsk som marknadsføringsspråk, seier Monika Haanes Waagan.
Nynorsk næringslivspris er Noregs Mållag sin eigen næringslivspris. Prisen har blitt delt ut sidan 2006, og dagens prisvinnar er den 17. i rekkja. Juryen har i år vore: Monika Haanes Waagan, juryleiar, Anne-Mette Hjelle, Liv Astrid Hesjedal og Jan Thormodsæter.
Oversyn over tidlegare prismottakarar av Nynorsk næringslivspris:
https://www.nm.no/om/utmerkingar-og-stipend/
***
Pristale for Nynorsk næringslivspris 2025
Nynorsk næringslivspris er Noregs Mållag sin eigen næringslivspris. Prisen har blitt delt ut sidan 2006 og dagens prisvinnar er den 17. i rekka.
Styret i Noregs Mållag oppnemner ein eigen jury som peikar ut prisvinnaren etter open nominasjon. Årets jury har vore: Anne-Mette Hjelle, Liv Astrid Hesjedal, Jan Thormodsæter, tillegg til meg sjølv, Monika Haanes Waagan som er styremedlem i Noregs Mållag og leiar for juryen.
Juryen får kvart år innspel frå både privatpersonar og lokallag i Mållaget. Det har kome mange innspel. Eg vil likevel seie at i år vart juryen raskt samde om at det var ein kandidat som peika seg ut.
Eg har difor gleda av å kunngjere at Nynorsk næringslivspris 2025 er tildelt:
Kattnakken
Kattnakken er ein regnkledeprodusent som sel regnklede som er heilt vasstette. Såleis høver regnkleda deira perfekt for den norske marknaden. Det er regnklede for ungar som er ute og leikar og gjerne siktar seg rett på dei vassdammane som gjer størst mogleg vassprut!
Kleda er også for vaksne folk, anten ein har arbeidet sitt ute saman desse ungane, syklar til jobben eller berre vil vere ute og nyte naturen – sjølv om det regnar eller bles.
Forretningsideen er enkel, Kattnakken tilbyr regnklede som skal halde deg tørr – uansett vêr, og då lyt det vere sveisa saumar og vasstett PU-materiale. I tillegg sel dei mellom anna vottar, huer, sokkar, halsar, ullklede og vindklede.
Kattnakken har sjølve lagt ut ei kortdikt på Facebook (og etter å ha lese det, kan fleire av oss kome i tvil om det var så nøye med sydenturen vi dagdrøymer om):
«Om du trur
solskin
bring deg lukke,
då har du ikkje
dansa i regnet
i ei jakke frå
Kattnakken.»
Det er Silje Vatne Ersland som hadde ideen til Kattnakken og starta opp verksemda i 2013. Og marknaden har svart at dei vil ha kleda frå Kattnakken. I dag har ho ti tilsette, ei omsetning på nær 47 millionar kroner i 2024 og eit overskot på 9 millionar. Silje er framleis gründer, eigar og kreativ leiar i Kattnakken. Det er også ho som skal ha æra for at Kattnakken vart og framleis er ei nynorskverksemd, der både reklamespråket og kommunikasjonsspråket med kundane er nynorsk.
I marknadsføringa via nettet, i nettbutikken, på Instagram og Facebook er det også nynorsk som gjeld.
I eit intervju i Bergens Tidende har Silje Vatne Ersland gjeve nokre råd til andre med ein «gründerdraum». Ho seier det er viktig for verksemder å ha «eit ærleg uttrykk – design frå hjartet». Slik juryen ser det, er nynorsken ein sentral del av «det ærlege utrykket» frå Kattnakken. Det blir verkeleg ærleg når du skal selje kvalitetsregnkle som toler skikkeleg vått ver på nynorsk. Det høver også godt å gje verksemda eit heilt lokalt namn etter ein fjelltopp på Stord: Kattnakken.
Frå toppen av Kattnakken ser kan ein sjå vide ikring. Like vidsynt som når ei næringsverksemd tek i bruk og held på nynorsken. Dette gjev oss språkmangfald i praksis.
Og det gjer oss nynorskbrukarane glade og ikkje minst stolte når vi får sjå korleis nynorsk språk kan kombinerast med suksess i næringslivet.
Silje har samtidig peika på at det har jo vore ein kamp å halda på nynorsken. Juryen vil takke og gje heider for dette arbeidet.
Vi har merka oss at Silje Vatne Ersland skriv som fast helsing på slutten av kvar e-post:
«Nyt regnet!»
Eg har lyst til å gjere hennar ord til mine:
«Nyt regnet! Nyt nynorsken! Nyt Kattnakken!»
Til lukke med Nynorsk næringslivspris 2025 og lukke til!