aktuelt

Nynorskstafetten er i gang! 

Hege Lothe frå Noregs Mållag og Endre Helland Gujord er klåre for den fyrste stafettveka! Foto: Tonje Thorstad Kildal

Nynorskstafetten dreg i år til Rogaland. Fyrste veka er det kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand som står for tur.

Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten er eit samarbeid med lokallaga, Nynorsksenteret, Nynorsk bedriftsforum, Nynorskommunane (LNK) og Nynorsk kultursentrum.

Gjennom tre heile veker vert det snakka om nynorsk med ordførarar, kommunedirektørar, oppvekstsjefar, tilsette i barnehagar og på skular, på bibliotek og med lokalt næringsliv for å nemna nokre. På kvelden er det mållagsmøte med lokale mållag og kanskje kulturkveldar. Nynorsk bedriftsforum skipar til lunsjmøter med Linda Eide, og oppmodar og inspirerer lokalt næringsliv til å nytta nynorsk og bli nynorskbedrifter.

– For Mållaget er dette eit svært godt høve til å få snakka direkte med mange som er svært viktige for nynorsk skriftspråk i det daglege. Då er det avgjerande at kommunane ser kor viktige dei er for skriftspråket i lokalsamfunnet, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. 

Tre veker med Nynorskstafetten i Rogaland opnar med “Språk til lunsj i Suldal” på Suldal kulturhus. Hovudtrekkplasteret er Linda Eide og Nynorsk bedriftsforum som inviterer det lokale næringslivet til ein prat om nynorsk i næringslivet. 

Tysdag har Rogaland fylkeskommune invitert til plandag for lærarar. Den er i Stavanger, og då skal Synnøve Marie Sætre, senterleiar på Nynorsksenteret, innleia om det viktige emnet “måtar for å styrkja språkleg sjølvtillit og andre metodar i nynorskopplæringa”. Dessutan skal Trond Salte snakka om prosjektet “Meir mål på Jæren”, og Molde vgs skal snakka om korleis dei arbeider med “Korleis skapa språkleg sjølvtillit hjå (nynorsk)elevar”. Molde vgs har sett i verk tiltak for å få nynorskelevar til å halda på språket sitt, og dette er eit svært aktuelt emne også for dei vidaregåande skulane i Rogaland.

Starten på Nynorskstafetten var i Språkåret 2013. Då feira Noregs Mållag og Norsk Målungdom Ivar Aasen med å reisa på Nynorskstafett i godt over 150 dagar. Seinare har det blitt om lag tre veker kvar haust.

Den fyrste haustveka er Nynorskstafett-bilen i Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand. I veke to (10. til 14. november) skal Nynorskstafetten til Stavanger, Sola, Sandnes, Gjesdal og Bjerkreim. Den siste veka (frå 17. til 21. november) skal stafetten til jærkommunane Klepp, Hå og Time. 

Du kan sjå programmet for alle dagane her: https://www.nm.no/kalender/