kalender

Nynorskstafetten: Lunsjmøte med Nynorsk bedriftsforum

Tid:
18. november 202512:00
Stad:
Kulturbanken, Bryne
Arrangør: Nynorsk bedriftsforum

Bli med på «Språk til lunsj» og lær korleis du kan bruke klart språk og medvitne språkval for å skjerpe bedrifta si merkevare og nå målgruppa di klart og tydeleg. Vi startar med å avdekke språket si kraft gjennom ein inspirerande samtale, der lokale bedriftsleiarar deler korleis ein kan lykkast med nynorsk i strategisk merkevarebygging. Etterpå inntar Linda Eide scenen og gjev deg ei heidundrande, lærerik og morosam innføring i klarspråk og kvifor det er så viktig.

Seminarprogram:

Del 1: Paneldebatt om krafta i språket og strategiske språkval
Lokale bedriftsleiarar i samtale med Monika Haanes Waagan, dagleg leiar i Nynorsk bedriftsforum. Fleire detaljar kjem.

Del 2: Foredrag – «Klinkande uklart» med Linda Eide
Godt språk, klar tale. Kvifor går det så ofte gale?

Dette er eit underhaldande foredrag med ein alvorleg undertone. Linda Eide syner fram kva eit klart og tydeleg språk er, og kvifor det er så viktig! Kvifor endar me så ofte opp med eit språk som skapar avstand og utestenging, irritasjon og apati?

Her må det språkvaskast i kontor og korridor! Linda Eide stiller med kost og krutt, og ikkje minst: Mange lattermilde og pedagogiske eksempel.

Servering:

Vi serverer kaffi/te og enkel lunsj.

Prisar:

Kr 250,- (inkl. servering)

Gratis inngang for Nynorsk bedriftsforum sine medlemmar.
Ikkje medlem? Sjekk haustkampanjen vår i Rogaland!