Samlebandsdemokrati
Når hausten tenner sine raude ljos, inviterer Stortinget nærings- og organisasjonsliv inn til budsjetthøyringar. Der får kvar aktør tre små tilmålte minutt til å fortelje kvifor akkurat dei fortener aukte løyvingar.
Tekst: Peder Lofnes Hauge
Det er kvar mann for seg og sitt, og alle har det privilegiet det er å sleppe å tenkje på heilskapen, budsjettimpuls og inndekning. Noregs Mållag deltek sjølvsagt i denne leiken. Vi er med for å fortelje nasjonalforsamlinga kvifor og korleis ho/ein bør styrkje nynorskinsitusjonar, og kva andre tiltak som betrar kåra for nynorskelevane og fremjar nynorsk skriftkultur.
Då Ap-regjeringa la fram sitt framlegg til budsjett for 2026, hadde Noregs Mållag fått ei auka løyving på 400 000 kroner. Det viser at dei ser kor viktige vi er for å fremje nynorsken og passe på offisiell norsk språkpolitikk. Det viser også at dei har fått med seg det tydelege kravet frå ei samla målrørsle: Ein ekstra million til Noregs Mållag er det viktigaste einskildtiltaket for nynorsken på kulturbudsjettet. Ingen ting gjev meir nynorsk for pengane enn ei auka løyving til Noregs Mållag. Då eg møtte i kulturkomiteen skrytte eg, men understreka likevel at Stortinget må finne dei 600 000 kronene som manglar, for å kvittere ut den viktige mållagsmillionen.
I innlegget mitt, la eg vekt på at Noregs Mållag dei siste åra har hatt stor medlemsvekst. Dette viser at mange vil vere på lag med nynorsken, og at dei ønskjer å støtte eit offensivt arbeid for å gje språket betre vilkår. Med medlemsvekst kjem eit større ansvar for å utvikle organisasjonen, både lokalt og sentralt. Til det treng vi ressursar. Organisasjonen vår er no 60 % større enn for 15 år sidan, men administrasjonen er like liten som då.
Eg fekk inntrykk av at bodskapen gjekk heim – sjølv om mine tre minutt kom etter ni timar med treminuttsinnlegg som samla sprenger alle budsjettrammer.
I utdanningskomiteen brukte eg tida mi på å snakke om nynorskmillionane som forsvann. Då den nye opplæringslova tok til å gjelde, fekk ungdomskuleelevane rett til å gå i språkdelte klassar. Stortinget har løyvd 102 millionar kroner til tiltaket, men pengane går ikkje til dei kommunane der slike klasser er aktuelle. Pengane er fordelte etter ein nøkkel i inntektssystemet, og er ikkje øyremerkte slik dei burde vere. Resultatet er at dei 36 kommunane der slik språkdeling er aktuelt, berre får 17,3 millionar, medan Oslo aleine, med sine to (!) nynorskelevar, får 11 millionar. Slik risikerer vi å slå i hel ein viktig nynorsksiger, og auke risikoen for språkbyte i språkblanda område.
Målrørsla kjem til Stortinget og ber på våre kne om sårt tiltrengte nynorskkroner. Då er det eit paradoks at Stortinget faktisk samstundes overfinansiert retten til språkdelte ungdomsskular. Problemet er berre at desse pengane er smurde tynt utover som frie inntekter til kommunar som ikkje treng dei.
Løysinga kan dei få gratis av oss: Om pengane vart øyremerkte, eller del av ein søkbar pott, kunne ein spart pengar på statsbudsjettet. Det ein sparar, kunne blitt brukt til eit sårt tiltrengt nynorsk kulturløft.
Nynorsk forum sine samla øknonomiske innspel til kulturbudsjettet summerer seg til 36 millionar kroner. Det er på tide at vi får desse – og at vi ikkje lenger blir tvinga til å velje mellom gode tiltak. Gudane skal vite at det blir brukt langt større summar på langt mindre viktige ting.
Vi er inne i den andre raudgrøne perioden på rad. Eit nynorsk kulturløft vil både underbyggje ambisjonane i språklova, og vere heilt i tråd med lovnadene det nynorskvenlege stortingsfleirtalet gjekk til val på.
Eg forventar at vi får til dette i løpet av perioden – og fram til pengane er på konto, skal vi hamre inn bodskapen om kor viktige dei er i alle forum vi kan. Både i det offentlege ordkskiftet gjennom heile året, og i samlebandsdemokratiet om hausten.