«Karlsrudmodellen»: – Nynorsktimane er kjekkare enn bokmålstimane
Ved Karlsrud skole i Oslo hadde elevane 4,5 i snitt på sidemålseksamen. Med det er dei meir enn ein heil karakter høgare enn landssnittet, som er på 3, 3. Praktiske og kreative læringsmetodar og ein fagleg engasjert lærarstab får heideren for resultata.
Tekst og foto: Vemund Norekvål Knudsen
Norsk Tidend møter lærarane Hanne Mostervik Dalby og Yngve Haugen Mehl saman med dei to 9. klassingane.
– For oss er det viktig å vera stolte og engasjerte i faget vårt, og ha sjølvtillit på at det er viktig. Ved å ta positivitet og engasjement inn i klasserommet og i undervisinga, smittar det over på elevane, fortel lærar Hanne Mostervik Dalby.
– Vi møter av og til litt motstand i starten, men når vi får forklart elevane kvifor vi har to skriftspråk, kvifor dei må læra det og at det iallefall ikkje hjelper å vera negativ, så endrar det seg, seier Yngve Haugen Mehl.
Motiverer kvarandre
Karlsrud skole har hatt over 4 i snitt på sidemålseksamen for 10. trinn kvart år dei siste tre åra, og standpunktkarakterane er ganske like eksamenskarakterane. Hanne og Yngve fortel om ein lærarstab som jobbar godt i lag og dreg lasset saman, der dei engasjerer og motiverer kvarandre, og er samkøyrde i korleis dei legg opp undervisinga. To nøkkelord er positivitet og leik.
– Ein er sjølvsagt avhengig av grammatikk for å gjera det bra, men ønskjer å gjera nynorsk mindre «farleg» ved å gjera det kjekt og morosamt. Lesing og skriving er sentralt for å bli trygg i eit språk, men det kan vera mykje meir enn pugging og grammatikk. Då trur vi at vi også kan skapa gode haldningar til nynorsk og norskfaget, forklarar Yngve og Hanne.
Rektor Ylva Kjendsli Mikkelsen fortel at skulen aktivt har jobba for å rekruttera lærarar som er engasjerte i norskfaget og som er gode i nynorsk. Dei har ein stab som funkar svært godt saman, fortel ho.
– Vi er stolte av det vi har fått til, og vi er stolte av både lærarane og elevane våre. Norsklærarane våre er engasjerte, kreative og har stor interesse, kompetanse og glede for norskfaget. Når undervisinga blir variert og positiv, og lærerne er engasjerte og fagleg kompetente, smitter interessa og engasjementet over på elevane. Lærerne hjå oss bidreg til at nynorsk ikkje skal vere keisamt eller skummelt, men noko som skal vere spennende, relevant og interessant.

Faste lesestundar
Elevane har lært om både språkstriden og grunnlova gjennom leikar, skodespel og ulike konkurransar. Ein gong fekk elevane utdelt ferdigskrivne manus som dei skulle spela ut framfor kvarandre. Det fall i god smak hjå elevane.
– Nynorsktimane er kjekkare enn bokmålstimane, seier Oda og Victoria. Vi synest timane er veldig kjekke og at opplegget til lærarane funkar godt. Det er praktisk, og det er veldig bra.
Lesing er ei viktig satsing for skulen. Karlsrusd skole har fast tilsett bibliotekar, og organiserte, faste lesestundar. Yngve og Hanne fortel at dei har klassesett av nokre av bøkene, slik at alle les det same og kan diskutera dei.
– Vi har eit mål om å lesa to romanar i året, og då er vi veldig glade for at vi har moderne og nye nynorskbøker å velje i, fortel Hanne– Lesing er gratis språklæring, og difor veldig viktig. Ein får mykje ut av å lesa meir, då får ein inn mykje av det grunnleggjande, legg Yngve til.
«Berre endå eit fag»
Når elevane får velja bøker sjølve, er dei klåre og tydelege på at tematikk og kvalitet er mykje viktigare enn kva språk ho er skrive på.
– Eg las nettopp Sytten, snart 18 av Andrea Rudland Haave, fordi ho høyrdest interessant ut. At ho var skriven på nynorsk, var ikkje så viktig, men det var ikkje eit problem heller, seier Oda.
– Eg las ei av bøkene som var nominerte til U-prisen, som var på nynorsk. Nynorsken var litt vanskeleg i starten, men så forstod eg meir og meir. No tenkjer eg ikkje så mykje på at eg les nynorsk, fortel Victoria.
Karlsrud skole er ein 1 til 10 skule. Likevel fortel dei to klassevenninnene at dei ikkje hadde snakka om eller tenkt særleg mykje omkring nynorsk før dei starta på ungdomstrinnet. Dei hadde heller ikkje lese noko nynorsk i løpet av barneskulen. Dei hadde difor heller ikkje noka meining om nynorsk var noko dei likte eller ikkje.
– Det var berre endå eit fag, vi tenkte ikkje så mykje over det. I starten kjentest det litt rart at vi hadde to skriftspråk, men når timane er så kjekke er det berre gøy, fortel Oda. Victoria nikkar i semje.

Engasjement for faget
Lærarane seier seg samde i at dei kan gjera meir for å førebu elevane på at dei skal læra nynorsk, og introdusera elevane for nynorsk tidlegare. Dei ønskjer, til dømes, å halda oppe eit lesetrykk gjennom alle ti åra.
Resultata av metodane som er i bruk ved Karlsrud snakkar kanskje for seg sjølve. Hanne og Yngve fortel at dei ikkje lærte noko av desse undervisingsmetodane som del av lærarstudia.
– Nynorsk og sidemålsundervising var lite tematisert, vi har måtte finna på og leita opp mykje sjølve. Vi deler idear og det som funkar og ikkje funkar med kvarandre, og vi håpar vi kan vera til inspirasjon for andre skular og lærarar også, seier Yngve, som forøvrig skreiv mastergrad om ungdomsskolelærarar sine haldningar til nynorsk, og kva faktorar som påverkar undervisinga deira.
– Ein viktig motivasjon for oss er å finna gode måtar å motkjempa dei negative haldningane som finst. Sidemålsundervisinga og haldningane til nynorsk blir mykje enklare om det er knytt til noko positivt. For å få til det må vi ha eit engasjement for faget vårt, fortel Hanne.

Meir leik og moro
Både Hanne og Yngve ser at haldningane til nynorsk er blitt betre med åra, men det er framleis ein del negativitet der ute. Impulsar i kulturen, men også haldningar heimefrå og undomspolitikarar kan vera kjelda til negative haldningar til nynorsk, spekulerer dei.
– Men den viktigaste faktoren er lærarane sjølve. Vi vil gjerna oppmoda andre skular om å vera stolte av lesing og satsa på det, og ha meir leik og moro med undervisinga og faget. Vi håpar fleire kan bli inspirerte av å høyra om noko av det vi har fått til her, seier Hanne og Yngve.
På spørsmål om det er noko dei saknar når det kjem til nynorsk og undervising, er iallefall Oda veldig tydeleg:
– Det er litt vanskeleg å finna nynorske bøker av og til, det er dumt. Og så blir det litt mykje romantikk. Eg vil gjerne ha meir fantasy på nynorsk!
Heldigivs for Oda og andre leseglade elevar ved Karlsrud er det ikkje vanskeleg å finna fram til nynorskbøkene på skulebiblioteket: Dei er framheva med eigen hylle og lapp som seier «Fantastiske bøker på nynorsk».