Startar podkast om fantasy og sci-filitteratur mot lesekrisa
Nynorskforfattarane Tharaniga Rajah og Monica Bjermeland vil framheva dei populære og ofte utskjelte sjangrane fantasy, sci-fi og romantasy i podkasten «Fantastiske bøker». Målet er å opna opp litteraturen for fleire, i håp om å engasjera fleire i litteraturens verd.
– Eg opplever at litteraturmiljøet har «Odd Nerdrumifisert» seg sjølv. Vårt prosjekt er å rive ned ideen om at berre klassisk litteratur er god litteratur, og lage eit ope rom for å diskutera litteratur breitt, seier Tharaniga Rajah.
Noko er rote i litteraturlandet Noreg.
Barn og unge les markant mindre enn før. Universiteta åtvarar om studentar som synest pensum er
for langt, og at folk slit med å fullføra heile romanar. Forlaga kuttar årsverk, og marginane blir mindre. Men det er ikkje berre dei yngre generasjonane sin feil: vaksne les også mindre enn før.
Når vaksne les mindre enn før, kven er då dei til å fortelja dei unge at dei må lesa? I leselyststrategien til regjeringa finst det ikkje tiltak retta mot vaksne lesarar. Tharaniga og Monica gjev no eit bidrag for å snu utviklinga: i november lanserte dei ein podkast – «Fantastiske bøker» – der dei diskuterer «fantastisk litteratur».
– Kva meiner de med «fantastisk litteratur»?
– Vi har vår eigen veldig liberale definisjon. Alt som har eit element av «noko anna» enn det realistiske og røyndomsnære, noko mystisk eller magisk ved seg, tenkjer vi på som fantastisk litteratur. Skrekk, det gotiske eller science-fiction høyrer også til her, svarar dei.

Underkjend sjanger
Det blei med eitt tydeleg kvifor Tharaniga og Monica ville treffast i fysikkbygningen på Blindern, og ikkje på humanistisk fakultet.
– Og så er det viktig å seia at fantastisk litteratur er eit paraplyomgrep. Det er mange sub-sjangrar, legg
dei til.
Podkasten tek form som ein miniserie, der dei for kvar episode diskuterer 2–3 bøker innanfor eitt overordna tema. Ofte har dei med seg ein gjest. Dei les ei blanding av klassikarar og nyare litteratur, norsk og omsett litteratur. Hovudmotivasjonen er å snakka fram bøker innanfor ein sjanger som ofte er underkjend i litterære kretsar og blant kritikarar.
– Det blir skrive mykje meir fantastisk litteratur i Noreg og internasjonalt, og stadig fleire les det jo, mykje på grunn av tilrådingar frå folk på TikTok (populært kalla BookTok). Men kritikken utanfor TikTok heng ikkje med. Og der han finst, synest vi han ofte ikkje er god nok i den forstand at han blir ikkje diskutert på premissa til sjangrane, fortel Monica.
– Vi vil fylla ut eit tomrom i kritikken, dette er ein kritikarpodkast legg Tharaniga til. – Ein må sjølvsagt ikkje vera ekspert for å melda desse sjangrane, men vi vil spreia meir kunnskap. Eg trur kanskje den fantastiske litteraturen er litt som poesien: det er mange som er redde for å ta i det fordi ein ikkje føler seg kompetent nok til å vurdera det.
Politisk og maktkritisk
Dei understrekar at dei har ambisjonar om å ha høg kvalitet, og at alt ein høyrer i podkasten skal vera laga av menneske og vera opphavsrettsbasert. Det blir ingen jingle laga av KI å høyra i «Fantastiske bøker».
– Kva er det med «fantastisk litteratur» som engasjerer dykk? Kvifor er sjangeren viktig å få fram?
– Det at fleire skriv sci-fi handlar om tida vi lever i, trur eg. Ein ting er at vi kanskje treng flukta, og kanskje er det ein reaksjon på røyndomslitteraturen og realismen, fokuset på seg sjølv og individualismen, seier Monica.
– Det slår meg at tematikken i mykje sci-fi, til dømes, handlar om å bli kjent med det ukjende. Korleis kan
ein bli kjend med det, kor godt kjent blir ein med det? Det er ofte djupt eksistensfilosofisk, seier Monica.
Den fyrste sci-fi-boka er ofte rekna for å vera Frankenstein av britiske Mary Shelley, som kom i 1818. Sci-fi-litteraturen har lenge vore politisk og maktkritisk. Den moderne sci-fi-tradisjonen oppstod faktisk i Sovjetunionen, fortel Tharaniga.
– Dei vestlege sci-fi-gigantane står på skuldrene til sovjetiske sci-fiforfattarar. Då sensuren kom i Sovjetunionen, var det mange skjønnlitterære forfattarar som byrja å skriva sci-fi. Sensurkomiteen tok det ikkje like seriøst, så dei slapp igjennom ein del regimekritikk. Då vaks det fram ein heil sci-fi-tradisjon i litteraturen, fortel Tharaniga.
– Trur de at det er nokon samanheng mellom tida vi lever i no og det at sci-fi og fantasy er blitt meir stuereint igjen? Sist gong verda stod ovanfor store ideologiske og økonomiske omveltingar fekk vi surrealismen og dadaismen, og modernismen. Er det ein parallell her?
– Eg trur ikkje det er tilfeldig at dette oppstår etter vi har opplevd den største finanskrisa sidan depresjonen, svarar Tharaniga.

Generasjonsskifte
– Ursula le Guin sa jo at sci-fi handlar om verda vår no, at det er ein kritikk av verda vår no, svarar Monica. Margaret Atwood meiner sjølv ho ikkje driv med sci-fi, men spekulativ fiksjon. Ho spekulerer i vitskap og teknologi, altså røynda, og meiner det er ein forskjell der. Men kva står då på spel, spør Monica retorisk.
– Det er mange ting som står i fare: demokratiet, økonomien, økologien og naturen. I tillegg er vi heildigitaliserte, så eg trur det er ein reaksjon på alt dette, ei tilbaketrekking, legg ho til.
Tharaniga skyt inn: – Alle skriv politisk! Vi snakkar ikkje nok om dette: ein reduserer ofte dei som er eksplisitt politiske til å vera berre det, heller enn å sjå på dei som meiner dei ikkje er politiske. Ein fører jo politikk om ein ikkje protesterer.
Monica nikkar samd: – Her er det eit generasjonsskifte på gang. Ein ser særleg unge kvinner i Skandinavia som no skriv eksplisitt politisk litteratur, og dei er ikkje flaue over å gjera det.
Tharaniga: – Kunstnarar er jamt over meir opptekne av klima enn befolkninga elles. Det er kanskje ikkje rart at ein brukar desse sjangrane for å gå inn i desse temaa. Økologi og natur er dei største temaa
innanfor fantastisk litteratur. Ein skal leita lenge etter nokon som ikkje er opptekne av dette.
– De seier noko av motivasjonen for å starta podkasten, er å fremja leselyst ved å ta populære sjangrar på alvor ved å diskutera dei. De er openbert eldsjeler. Meiner de at det er eit politisk ansvar å syta for at folk les? Ingen av dei er i tvil:
– Absolutt! seier dei i kor.
– Eg synes det er kritikkverdig at politikarane ikkje gjer noko med leselyst for vaksne. Dei les jo mindre enn før, dei også. Den sjangeren vi les no fortel at det fyrste autoritære regime tek frå folk, er evna til å lesa og tenka, eller i alle fall at ein avgrensar utvalet av kva ein får lov å lesa. Lesekunne gjev kritisk tenking og sans. Det er potensielt kjempealvorleg for demokratiet at vi blir dårlege lesarar, seier Monica.

Engasjerande og kreative
– Noreg var eit av landa der folk las mest aviser kvar dag, men no fell det dramatisk. Noreg er eit land der vi har hatt mange dyktige forfattarar, sjølv om vi er små. Vi fekk ein nobelprisvinnar for to år sidan, det er stort for eit så lite land. Vi skal vera stolte av dette, og vi burde bruka pengar på det vi er gode på, altså litteratur og lesing, seier Tharaniga.
– Er de redde for at podkasten blir berre endå ei i mengda?
– Vi er veldig klar over at vi i dag blir invaderte av inntrykk og meiningar, overalt, heile tida. Vi ser ironien i at vi vil invadera tankane til folk også, haha! Men vi håpar vi kan nå gjennom for å gje inspirasjon til å lesa, til å tenka og fantasera, kanskje trena fantasien. Det treng vi mykje av framover. Vi treng ikkje dystopiar, vi treng utopiar, noko vi kan bruka for å hjelpe førestillingsevna vår til å forma og skapa det samfunnet vi vil ha, svarer Monica.
– Det er mange som er glade i å høyra på lyd, og mange som høyrer heller enn å lesa sjølve. Vi freistar å
vera engasjerande og kreative når vi les tekstane og sjå etter nye ting. Vi håpar vi har eit unikt nok konsept til at dette blir lagt merke til, seier Tharaniga. Dersom «Fantastiske bøker» blir ein suksess, har Monica og Tharaniga både håp og planar om at det blir ein ny sesong.
Kva dei har planlagd, vil dei ikkje avsløra enno, men at det blir meir samtidig litteratur i neste sesong – det lovar dei.