kalender

Noregs Mållag søkjer politisk rådgjevar!

Tid:
12. januar 2026

Noregs Mållag søkjer etter ein ryddig, skrivefør, allsidig og fleksibel person som ønskjer å arbeida 100% som politisk rådgjevar for leiinga i Noregs Mållag.

Stillinga legg vekt på oppgåvene:
– skriva saksnotat til aktuelle politiske saker som kjem frå styresmaktene og lokalpolitikk
– ta del i møteverksemd knytt til påverknadsarbeid andsynes styresmakter, politiske miljø og andre samarbeidspartnarar
– leggja til rette for og organisera kurs- og møteverksemd for politisk skulering i organisasjonen
utforming og gjennomføring av ulike kampanjar
– formidling av politikken vår i sosiale medium

Utdanning, kvalifikasjonar og eigenskapar:
– høgare utdanning er ønskjeleg, men anna røynsle kan vega opp
– røynsle frå organisasjonsarbeid
– røynsle frå politisk påverknadsarbeid
-god munnleg og skriftleg formuleringsevne
-evne til sjølvstendig arbeid
-fleksibilitet til reiser og ukurant arbeidstid
-personleg eigna
-eit godt nettverk er ein fordel

Politisk rådgjevar samarbeider nært med leiar, dagleg leiar og skrivarstova.

Stillinga er i dag plassert med ei løn mellom 545 000 og 675 000 kroner, med innplassering etter utdanning og ansiennitet. Arbeidsspråket er nynorsk. Stillinga er ledig frå 20. februar. Kontorstad Oslo.

Søknadsfrist 12. januar 2026

Søknad med kopi av attestar og vitnemål kan sendast til Noregs Mållag, Dronningens gate 22, 0154 Oslo, eller på e-post til gro.morken@nm.no