Formøte om landsmøtet
Vi inviterer alle skal på landsmøtet i Noregs Mållag til eit digitalt formøte!
Du får ei kjapp og nyttig innføring i kva du kan forvente deg av landsmøtet på Gardermoen 24.-26. april 2026. Både heilt nye og røynde landsmøteutsendingar vil ha glede av formøtet.
Dato og tid: Torsdag 9. april klokka 11.30 og klokka 19.30
Stad: Vi møtest på Zoom
https://zoom.us/j/4723002930?pwd=UEpTdlg2VXp1dkx1RjJjR0tLWmVLQT09
Du treng ikkje passord. Det er ikkje påmelding.
Opplegget for møta er like. Fyrst vert det nokre korte innleiingar om praktisk opplegg i framkant og på landsmøtet, og deretter innleiing om programmet, sakene og politikken på landsmøtet. Det vert også ope for å stille alle moglege spørsmål.
Leiar Peder Lofnes Hauge, leiar og nestleiar Live Havro Bjørnstad vil vere med i møtet, i tillegg til Hege Lothe, informasjons- og organisasjonsrådgjevar og Erik Grov, organisasjonsrådgjevar.
Møtet vil vare om lag ein time. Vel møtt!