Årsmøte i Haram Mållag
Me inviterer til årsmøte i Haram Mållag onsdag 25. februar klokka 19 på Brattvåg bibliotek på Tenestehuset i Brattvågen.
Velkomsthelsing.
Helsing frå Vebjørn Krogsæter, ordførar i Haram kommune
Helsing frå Margrethe Sofie Rogne, leiar i nyoppstarta Ålesund Målungdom
Innlegg frå Hege Lothe, informasjons- og organisasjonsrådgjevar i Noregs Mållag
Sakliste for årsmøtet:
Sak 1: Godkjenning av innkalling og saksliste. Val av møteleiar og skrivar.
Sak 2: Idédugnad for målarbeid i Haram
Sak 3: Val av nytt styre (Framlegg vert sendt ut når det er klart)
Val av utsendingar til fylkesårsmøte 15. mars og landsmøtet 24.-26. april.
Om du har tips eller innspel ta gjerne kontakt med Birgit Oline Kjerstad, telefon 481 11 549 eller Isabella Rubie Pareliussen, telefon 482 06 366.
Ein treng ikkje å vera medlem i Mållaget for å koma på møtet. Medlemskap kan vi ordna der og då. Det blir enkel servering og god tid til å prata i lag.
Alle er velkomne!