Årsmøte i Fredrikstad Mållag
Publisert:
9. februar 2026
Tid:
26. februar 2026— 19:00
Stad:
"Elver´n" St.Croix aktivitetshus
Arrangør: Fredrikstad Mållag
Etter det formelle møtet blir det foredrag ved styremedlem Kjetil Aasen i Noregs Mållag der han gjer attvisitt til mellomfagsoppgåva i nordisk han skreiv om Råde-målet i 1999: «Eit vikværsk talemål i oppløysing? Talemålsendring i Råde i Østfold».
Kjetil vil kåsere både om oppgåva og om det å kome over ein tekst som ein sjølv skreiv for nesten ein generasjon sidan.