kalender

Møte med Oddgeir Bruaset

Tid:
12. mars 202618:00
Stad:
Biblioteket i Kimen
Arrangør: Stjørdal Mållag i samarbeid med Stjørdal bibliotek

«Vegen som vart min – Oddgeir Bruaset ser seg tilbake»

Torsdag 12. mars kl. 18 inviterer Stjørdal Mållag i samarbeid med Stjørdal bibliotek til eit møte med Oddgeir Bruaset (f. 1944). Han er frå Måndalen i Romsdal og bur i Spjelkavik i Ålesund. Han har skrive eit trettital bøker og er ein ettertrakta foredragshaldar.

Bruaset jobba i NRK frå 1971 til 2014. Gjennom desse 43 åra har han samla det norske folk rundt radioen og TV-skjermen. Han har laga hundrevis av TV- og radioprogram, og er kanskje mest kjent for å ha laga Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, som har vorte ein av dei mest populære TV-seriane i Noreg gjennom tidene.

Men kven er mannen som gjennom alle desse åra har stått bak kameraet? Kva skjer i kulissane under opptaka? Gjennom historia til Bruaset får vi innblikk i kva som har rørt seg i norsk mediehistorie frå 1971 til 2014, om TV-produksjon i 80-åra, om ressursar i distrikta samanlikna med Marienlyst og om å lage TV-program om alt frå natur, tragediar, kongefamilien og Erik Bye.

I boka «Vegen som vart min» fortel Bruaset om seg sjølv og oppveksten i Romsdal, om den underlege vegen til NRK, om å måtte velje mellom kateteret og mikrofonen, om hardt arbeid, helikopterulukker og om å komme nær folk når ei har eit kamerateam på slep.

Arrangementet er gratis.

VEL MØTT!