kalender

Nynorskseminaret 2026

Tid:
17. april 202610:00
Stad:
Universitetet i Innlandet, campus Hamar, aud. 2
Arrangør: Universitetet i Innlandet, Austmannalaget og Hamar dialekt- og mållag

Motivasjonsseminar for studentar, lærarar, skoleleiarar, lærarutdannarar og andre interesserte

Program:

09.30-10.00: (kaffi/te utanfor auditoriet)

10.00-10.05: Velkommen v/ Jens Skarkerud Haugan

10.05-10.25: Jens Skarkerud Haugan (dosent, Universitetet i Innlandet, Hamar dialekt- og mållag): «Substantivsjuka – kasting av stein i glashus»

10.35-10.55: Espen Tørset (lektor, Orkland vgs., Orkdal/Trøndelag): «Levande nynorskundervisning»

11.05-11.20: Pause (kaffi må eventuelt kjøpast i kantina)

11.20-11.40: Eline Bjørke (univ.lektor (INN), Noregs lærarmållag, Hamar dml): «Nynorskmodulen: ein digital læringssti for GLU-studentar om nynorsk som profesjonsspråk»

11.50-12.10: Silje Nathalie Luvåsen (lektor, Bjørnholt vgs., Oslo): «Kjem foreldra dine frå eit anna land? Berre søk fritak, du»

12.20-12.50: Lunsjpause (enkel servering (påsmurd mat + kaffi/te)) – elles er også kantina open

12.50-13.10: Merete Hellner Nilsen (lektor, Landøya skole, Asker/Akershus): «Korleis motivere og engasjere for nynorsklæring i eit klasserom utan hokjønn og a-endingar»

13.20-13.40: Ingar Arnøy (Noregs Mållag): «Størst av alt er språket»

13.50-14.00: Pause (kaffi og noko søtt utanfor auditoriet)

14.00-14.20: Jorid Saure (høgskulelektor, Nynorsksenteret): «Nynorskveka – Elevaktive ressursar frå barnehage til vidaregåande»

14.30-14.50: Synnøve Marie Sætre (senterleiar, Nynorsksenteret): «Kva betyr ein meir praktisk skule for nynorskopplæringa?»

15.00: Avslutning v/Jens Skarkerud Haugan

Seminaret er gratis, men vi ber likevel om bindande påmelding sidan vi har tenkt å servere ein enkel lunsj.
Kontakt/påmelding: Jens Skarkerud Haugan, jens.haugan@inn.no, tlf. 911 95 432

Om føredragshaldarane og føredraga:

Jens Skarkerud Haugan er dosent i norsk (nordisk språk) ved Universitetet i Innlandet og leiar i Hamar dialekt- og mållag. Dei fleste har truleg høyrt om «substantivsjuka» i norskfaget, som då er noko ein skal vere spesielt merksam på når ein skriv nynorsk. Det er gjerne eit «obligatorisk» avsnitt om substantivsjuka i læreverk, og det er også tematisert av Språkrådet i samband med klarspråkprosjektet. Mange lærarar øver kanskje på å setje om bokmålstekstar til nynorsk, der poenget er å skrive om til meir verbalt språk. Men korleis ser eigentleg Språkrådet sine eigne tekstar ut som er publiserte på både bokmål og nynorsk?

Espen Tørset er lektor ved Orkland vidaregåande skole og sit i styret til Noregs Mållag. Innlegget handlar om at «du er din viktigaste suksessfaktor! Om du ikkje er inspirert, så kan du ikkje vente at elevane blir det.» Espen vil bruke eigen praksis og forsking for å fortelje om korleis varierte og målretta undervisningsmetodar kan gi elevar ei meir positiv haldning i møtet med sidemålet.

Eline Bjørke er universitetslektor i nordisk språk ved Universitetet i Innlandet, leiar i Noregs lærarmållag og medlem i Hamar dialekt- og mållag. Alle grunnskulelærarar skal kunne bruke nynorsk i profesjonssamanheng, men ikkje alle grunnskulelærarstudentar har norsk som fag. På GLU 5-10 er norsk valfag, og på INN blir nynorskkompetansen til desse studentane vurdert i eit pedagogikk-emne. Her jobbar studentane seg gjennom ein digital læringssti om nynorsk som profesjonsspråk, og til slutt i læringsstien skal dei skrive eit fiktivt foreldreskriv der dei forklarer kvifor alle lærarane på ein fiktiv bokmålsskule skal bruke nynorsk i alle fag det neste semesteret. I dette innlegget presenterer eg den digitale læringsstien, og kva erfaringar eg har samla etter å ha brukt denne med fleire studentgrupper.

Silje Nathalie Luvåsen er tilsett som lektor ved Bjørnholt vidaregåande skule i Oslo med undervisingskompetanse i mellom anna norsk. Ho har 2,5 år med erfaring frå vidaregåande og underviser i dag i norsk og samfunnskunnskap på studieførebuande og norsk på yrkesfag. Føredraget blir tredelt, der det skal handle om problematikken ved å nærast automatisk gi elevar fritak berre fordi dei har fleire språk, og kvifor motiverte og engasjerte lærarar er viktige for opplæringa. I tillegg skal Silje dele undervisingsopplegg ho har nytta.

Merete Hellner Nilsen har ein master i nordisk språk frå NTNU, tok PPU på Hamar og har mange års erfaring med norskundervisning. Ho er lektor ved ein ungdomsskole i Asker der ho underviser i faga norsk og naturfag. Norskseksjonen på skolen har eit godt samarbeid, og har mellom anna vore spesielt interessert i å skape engasjement og interesse for sidemålsundervisninga. Dette er ei spennande utfordring sidan dei er i eit geografisk område der talemålet er ganske langt frå nynorsk.

Ingar Arnøy er skulemålsskrivar i Noregs Mållag og har lang erfaring frå alle felt innan målarbeid. «Størst av alt er kjærleiken», hevdar Paulus i 1. korintarbrev. Det får me vona, men størst av alt er lell språket. Ein kort analyse av allmenne språksyn og språkhaldningar og korleis desse motseier påstanden til innleiaren.

Jorid Saure har lang røynsle som norsklærar på ungdomstrinnet og arbeider i dag som høgskulelektor ved Nynorsksenteret. I føredraget «Nynorskveka – Elevaktive ressursar frå barnehage til vidaregåande» presenterer Jorid ressursar og læringsaktivitetar til Nynorsksenteret som gir gode inngangar til språklæring og språkglede.

Synnøve Marie Sætre er senterleiar ved Nynorsksenteret og er utdanna norsklektor. Ein meir praktisk skule er eit tydeleg uttalt mål for norsk skule. Men kva betyr det i praksis for nynorskopplæringa? Me ser nærare på moglegheiter og utfordringar ved ei meir praktisk tilnærming til nynorskopplæringa, og korleis undervisninga kan styrkje både språkkompetanse og motivasjon hos elevane.