kalender

No livnar det i lundar! – ein kveld om nordnorsk talemål og nynorsk skriftmål

Tid:
20. mai 202619:00
Stad:
Amtmandens
, Tromsø
Arrangør: Tromsø mållag

Har du høyrt om ei alde? Veit du kva det tyder å anndroge etter nokon? Eller er du ampen eller agalaus? Og ikkje minst: Er du nysgjerrig på nye metodar i norskfaget?

Kom og høyr forfattar Ove Arild Orvik leite fram gull frå den rike skattkista av nordnorske dialektar. Han gav i 2023 ut Nordnorsk ordbok og har full oversikt over den språklege rikdomen i nord. Boka er også ei vidareføring av arven etter Hallfrid Christiansen (1886–1964) frå Lofoten, pioneren i arbeidet med nordnorske dialektar.

På vårmøtet i Tromsø mållag vil også førsteamanuensis Åse Mette Johansen snakke om dialektsamlingar generelt, og etterpå presenterer masterstudentane Martin Arntzen og Maria Gamst det ferdige masterprosjektet sitt «Nynorsk språkdusj på mellomsteget».

Og så blir det loddsal og fruktkorg!

Velkomen!