Digitalt møte om valnemndsarbeid
Valnemndsarbeid i Mållaget er eit svært viktig arbeid. Organisasjonen vår har få posisjonar som folk ynskjer å ta for å gjere karriere, slik partia har. Derfor må vi sjå valnemndsarbeid meir som ei strategisk talentjakt som vi må skulerast til å gjere.
Alle som har drive rekrutteringsarbeid og fornying innanfor organisasjonslivet veit at det kan vere eit langsiktig arbeid. Men det er også eit arbeid vi gjer her og no: Det er eit arbeid som kan gje resultat med ein gong – og det kan føre med seg lange spor.
I dette møtet vil vi gå gjennom gode råd, tips og triks for arbeidet. Og ikkje minst drøfte ulike problemstillingar som valnemndsmedlemer møter.
Hege Lothe, informasjons- og organisasjonsrådgjevar, leiar møtet.
Stad: Zoom: https://zoom.us/j/4723002930?pwd=UEpTdlg2VXp1dkx1RjJjR0tLWmVLQT09
Du treng ikkje passord.
(tilsvarande digitalt møte klokka 19.30 måndag 2. november)