Samling for unge vaksne
Mållaget inviterer til samling for unge vaksne laurdag 19. september og søndag 20. september i Oslo.
Medlemer i Noregs Mållag mellom 25 år til 40 år er hjarteleg velkomne. Målet er å få unge vaksne tillitsvalde til å møtast, bli kjent med kvarandre og bli aktive i Mållaget. Program:
Laurdag 19. september Møteleiarar for helga: Gunnhild Skjold, styremedlem
11.30 Lunsj
12.30 Velkomen til felles samling for unge vaksne ved Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag Presentasjonsrunde.
12.45 Kva er den språkpolitiske situasjonen? ved Karen Mjør, 1. varamedlem i styret
13.30 Kva betyr nynorsken for deg og kva kan du gjere for målsaka i Stortinget? Stig Even Lillestøl, stortingsrepresentant (FrP), Siren Jensen, stortingsrepresentant (MDG) og Synnøve Marie Sætre, politisk rådgjevar i Noregs Mållag
14.30 Pause med bakst
15.00 Ny felles rammeplan for lærarutdanningane. Kva slags potensiale gjev det nynorskopplæring? Nynorskmodulen: eit forsøk på løyse nokre floker. ved Eline Bjørke, universitetslektor i nordisk språk ved Universitetet i Innlandet og leiar i Noregs Lærarmållag Spørsmål og ordskifte
16.00 Pause
16.15 Om å vere ung og fersk i Mållaget. Slik driv vi lokallagsarbeid. Tre oppspel frå ulike deltakarar og runde i møterommet
17.15 Vi bryt opp og gjer oss klare for nynorsk byvandring ved Inger Johanne Sæterbakk!
18:30 Vi vitjar Nynorsk bokhandel der bokhandlar Kjartan Helleve tek imot oss. Det vert også innslag ved Arne Henning Årskaug, forfattar og bibliotekar.
20.30 Middag på skrivarstova
Sundag 20. september: 10.00 Kva var det eg lærte i målrørsla som var verdifullt å ta med i arbeidslivet? Kva er Nynorsk scenespråksenter i Førde og kva kan senteret gjere for nynorsk i teater-Noreg? ved Synne Solberg, avdelingsleiar hjå Nynorsk scenespråksenter og Frida Pernille Mikkelsen, redaktør i Norsk Barneblad Spørsmål og kommentarar
11.00 Pause
11.15 Korleis lage ein nynorsk barndom (for alle)? Og kva for slags rolle kan Norsk Barneblad spele? ved Frida Pernille Mikkelsen, redaktør i Norsk Barneblad
12.00 Kvifor Noregs Mållag? Korleis lukkast med organisasjonsarbeidet vårt? ved Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag Kommentarar og ordskifte
12.45 Pause
12.45 Internasjonalt punkt: Språkaktivisme i Europa! ved James Konrad Puchowski, Spørsmål og kommentarar
13.30 Evaluering. Takk for no og lønsj!
Seminaret er på skrivarstova i Dronningens gate 22 i Oslo laurdag 25. september frå klokka 12.30 til søndag 26. september klokka 14. Overnatting er ikkje langt frå Dronningens gate.