Tillitsvaldsamling og styremøte
Publisert:
7. mai 2026
Tid:
19. november 2027
Stad:
Skrivarstova, Oslo
Arrangør: Noregs Mållag
Noregs Mållag inviterer til tillitsvaldsamling laurdag 20. og søndag 21. november 2027.
Dette er samling som passar for alle som har eit verv i Mållaget eller gjerne vil bli tillitsvald! Det blir opplæring i korleis organisasjonen fungerer og korleis og kvifor vi arbeider for målsaka lokalt og nasjonalt.
Vi kombinerer helga med eit landsrådsmøte som byrjar fredag 19. november. Det møtet samlar alle fylkesleiarane i Mållaget i tillegg til representant for yrkesmållaga, styret og frå Norsk Målungdom. I år er det uvanleg mange nye fylkesleiarar, så for alle dei vil det vere svært nyttig å få med seg tillitsvaldsamlinga også.