– Verktøya skal vera gode tenarar for oss
Tekst og bilete: Jógvan Helge Gardar
For nokre veker sidan tok Åse Wetås heisen opp frå det gamle kontoret sitt hjå Språkrådet. No tek ho til som ny nasjonalbibliotekar.
– Til lykke med den nye jobben! Kva er på plakaten om dagen?
– No er det fram til sommaren å bli ordentleg kjend med innmaten i det store Nasjonalbiblioteket, både i Mo i Rana – der me jo har flest medarbeidarar – og her i Oslo. Eg kjenner jo til Nasjonalbiblioteket i stort, men eg vil òg gjerne bli kjent med detaljane og korleis dei ulike seksjonane – med bevaring, forsking, formidling og språkteknologi – klikkar inn i kvarandre.
– Korleis går det med utviklinga av språkmodellane dykkar?
– Det går veldig bra. Me har fått eit veldig stort oppdrag og har hårete ambisjonar. Det som heilt konkret skjer no, er at me i mai slepper dei fyrste modellane som har trena på opphavsrettsbeskytta avismateriale. I august i fjor kom nyhenda om at Nasjonalbiblioteket skulle få midlar over statsbudsjettet frå 2026 til å kunna bruka opphavsrettsbeskytta materiale. Då får rettshavarane kompensasjon for at tekstane blir brukte i trening av store generative språkmodellar. No er den treninga i gang, slik at det kjem eit slepp no der avismaterialet er brukt i fintreninga. Over sommaren kjem eit nytt slepp der materialet er brukt til både pretrening og finjustering. No ligg det òg føre eit utkast til avtale med Kopinor om trening på bøker, og der er me komne så langt at me håper å få tilsegn om finansiering i statsbudsjettet for 2027. Det er viktig særleg fordi det vil gjera modellane betre på nynorsk og på nordsamisk, som ikkje er like godt representerte i avismaterialet.
– Kva vil ein konkret kunna bruka modellane til?
– Det er modellar som kan trenast vidare på domenespesifikt materiale, for å bli gode i helsespråk eller juridisk språk, til dømes. Dei er ikkje fiks ferdige til at eg og du skal kunna spørja kva som er i kjøleskapet vårt eller skriva konfirmasjonstale. Målet med dei er for det fyrste at Noreg skal styrka den digitale suvereniteten, og så at dei er meir etisk forsvarlege i og med at ein gjev kompensasjon til rettshavarar. Dette er eit nybrottsarbeid som Noreg gjer.
– Får de merksemd frå utlandet?
– Konkret kan eg seia at me hadde kollegaar frå Danmark og Sverige på besøk i førre veke, og me er jo komne vesentleg lenger enn nabolanda våre når det gjeld å digitalisera den immaterielle kulturarven. Me byrja med det heilt attende i 2005, lenge før nokon av oss her heime hadde tenkt tanken om store generative språkmodellar som skulla kunna produsera norsk. Men det var veldig framsynt. Det kan brukast til så mykje ingen hadde tenkt på den gongen.
– Har de trua på at dette prosjektet har kraft til å motverka effekten av dei store amerikanske modellane?
– Målet er at dei skal vera så gode at dei kan vera alternativ til dei store modellane som ikkje så godt tek omsyn til vårt språklege mangfald, vår kultur og våre verdiar. For oss kan det handla om spesifikk bruk, og ikkje om ein «éin-app-løyser-alt»-modell som ChatGPT.
– Er planen å få dei inn i skulen?
– Det er mange grunnar til å vera varsam med kva ein bruker av språkteknologiske verktøy og produkt til dømes i skulen, av omsyn til personvern og ikkje minst språkleg kvalitet. Frå mitt førre virke i Språkrådet har eg med meg det me gjorde av evalueringar av mykje brukte språkmodellar og skriveverktøy i skulen, som viser seg å ha altfor dårleg kvalitet, særleg på nynorsk. Ein av tinga me må jobba med, er å få desse språkteknologiske verktøya til å representera norsk på den måten som det norske demokratiet har valt at norsk skal vera på, altså med to skriftspråk og med høve til variasjon innanfor dei begge. Modellane skal kunna visa fram både frem og fram på bokmål og vere og vera på nynorsk. Me må fyrst og fremst jobba for at verktøya skal vera gode tenarar for oss og ikkje overstyra verdiane våre.
– Du går frå jobben som direktør i Språkrådet, som du har hatt sidan 2015. Korleis har situasjonen endra seg for det norske språket på dei åra?
– Det er ein blanda rekneskap, men på nokre område synest eg at det har skjedd veldig gode ting. Då tenkjer eg særleg på den heilt nylege vridinga i akademia mot større fokus på norsk fagspråk og på å bygga parallellspråkleg kompetanse. Der har retninga lenge vore einvegs mot engelsk, men så har det skjedd ganske mange ting, både med nytt lovverk, ny handlingsplan for norsk fagspråk i akademia frå regjeringa og fagspråksentera som er under oppbygging på universiteta i Oslo og Bergen. På den andre sida har me kultur- og medietilbodet som born og unge i Noreg nyttar mest – då tenkjer eg særleg på det digitale. Der er det tal som viser at norske born og ungdommar no møter meir engelsk enn norsk i sosiale medium og til dømes på YouTube. Det er med på å svekka statusen til norsk som samfunnsberande språk i dei aldersgruppene. Det er det grunn til å vera veldig bekymra for. Og alt det som er dårleg nytt for norsk generelt, er jo særleg dårleg nytt for nynorsk.
– Korleis har situasjonen endra seg for Språkrådet i desse åra?
– Eg vil seia at Språkrådet har vore ganske gode til å halda seg relevante og vri arbeidet inn mot dei språkpolitiske områda der faren for tap av norsk har vore størst. Det er klart at nokre av oppgåvene er enklare å skapa entusiasme for enn andre. Til dømes er arbeidet med klart språk i det offentlege ein skikkeleg vinnarhest, sidan det er ein så lett synleg samanheng mellom innsats, nøgde innbyggarar og sparte kostnader. Men det å jobba med at det offentlege skal ta ansvar for å synleggjera at me har to likestilte skriftspråk i dette landet, det er vanskelegare å få til. Det er for mange som har privatpraktiserande meiningar som dei lar styra språkval i arbeidstida.
– Språklova avløyste mållova 1. januar 2022. Tykkjer du ho har fungert etter føremålet?
– Eg meiner at språklova har vore eit enormt stort framsteg. Ho var veldig etterlengta då ho kom. Ho er jo ei såkalla rammelov som me ser har drope over i den sektorspesifikke lovgjevinga på viktige område både i tolkelova, universitets- og høgskulelova og opplæringslova, i den sistnemnde mellom anna i form av at skriveprogram skal vera på normert bokmål og nynorsk, og visa heile registeret i normene våre. Så språklova har vore kjempeviktig, og så er det jo det med å gjera ho kjend i alle krikar og krokar av det offentlege og få alle i offentleg sektor – særleg leiarar – til å kjenna til at her ligg det lovpålagde plikter, og ikkje valfrie oppgåver.
– Sanksjonar har heile vegen vore eit tema ved innføringa av språklova. Korleis stiller du deg til det spørsmålet no?
– Då språklova kom, sa me i Språkrådet at me synest at det ikkje burde vera naudsynt med sanksjonar. Det er noko grunnleggande kontraintuitivt med ein stat som må dela ut bøter til seg sjølv for manglande lovetterleving. Stortinget sa den gongen at dei ville fylga med på korleis situasjonen utvikla seg når det gjeld målveksling, og komma tilbake til spørsmålet seinare. Og eg trur nok det er noko å sjå litt nærmare på, for etterlevinga er heilt openbert for tilfeldig. Veldig ofte er ho avhengig av entusiastiske enkeltpersonar.
– Kva var den største sigeren din i Språkrådet?
– Det eg var med på i Språkrådet, var godt kollektivt arbeid. Men eg vil trekka fram at me fekk til å flytta ansvaret for den norske språklege grunninfrastrukturen frå Oslo til Bergen, med revisjonsprosjektet for ordbøkene, oppbygging av Termportalen og seinare fagspråksentera. Det er verdt å feira, for det er ingen andre i verda me kan forventa skal ta forvaltningsansvaret for dei norske språka – det må me gjera sjølve her i Noreg.
– Og det største nederlaget?
– Det er ergerleg at eg i løpet av dei ti åra ikkje fekk alle statsorgan til berre å gjera pliktene sine med språkveksling. Det er så opplagt at språkansvaret er noko som alle i det offentlege må vera med på å ta, rett og slett fordi det er den viktigaste infrastrukturen for ein god stat for borgarane.
– Har den norske språkpolitikken store nok ambisjonar?
– Samanlika med veldig mange andre land har Noreg ein veldig offensiv og god språkpolitikk. Den heilskaplege politikken som skal femna om både norsk, samiske språk og dei nasjonale minoritetsspråka, er utmerkt godt tenkt. Så er det sjølvsagt ein stor jobb å setta han i verk i alle sektorar. Staten er sektorisert, og det kan til dømes vera vanskeleg å forstå samanhengen mellom investeringar i klart lovspråk på nynorsk og bokmål og god oppfølging av rettane og interessene til den enkelte innbyggjaren i Noreg. Men den samanhengen er der! Den norske språkpolitikken er forankra i ytringsfridomsparagrafen i Grunnlova, som skildrar staten sitt ansvar for å legga til rette for ytringsfridom, demokrati og deltaking. Det gjer politikken mykje meir potent enn om han skulle dreidd seg berre om tilbakeskodande kulturvern.