Å drepa eit språk eller berge det
Tekst og bilete: Jógvan Helge Gardar
Det irske språket treng ein redningsaksjon. Heldigvis står hjelpemannskapa klare med ein plan. Men får dei ressursane dei treng for å lukkast?
Sophia Smith Galer:
How to Kill a Language: Power, Resistance and the Race to Save Our Words
William Collins, London 2026
På eit tog mellom Dublin og Belfast kom eg i prat med ein ung ire i dress. Eg spurde om han hadde lært irsk på skulen, og kva han tenkte om det som ganske nyleg var fyrstespråket til fleirtalet av landsmennene hans.
– Det døyr, sa han usentimentalt. Jau då, han hadde hatt det på skulen og var dugande nok, meinte han. Men etter eksamen hadde han aldri brukt det. Eg fekk heller ikkje inntrykk av at han hadde planar om å starte. Det viste seg at han jobba med kraftutbygging og var budd med ei samanlikning. Det irske språket var som den seigliva og stillesitjande, men sterkt truga elvemuslingen, sa han. Ein kunne kaste så mykje pengar ein ville på han (og Noreg brukar millionar kvart år), men resultatet ville bli det same:
– Det er håplaust. Han kjem til å døy ut.
Eit språk utan hell
Det keltiske nasjonalspråket i Irland, Gaeilge, stod sterkt fram til 1800-talet, då fleire omveltingar i samfunnet gjekk hardt ut over folkemålet. Engelsk fekk forrang i skulen og utkonkurrerte irsken i status, men det var hungersnauda på 1840-talet – An Gorta Mór – som verkeleg tok knekken på det. Ein reknar med at over ein million menneske døydde, og fattige, irsktalande bønder var overrepresenterte blant dei. Endå fleire millionar emigrerte. Ved århundreskiftet var folkesetnaden nær halvert frå toppen på 8,5 millionar. Og av dei som var att, var det under 20 % som snakka irsk.
Språkdaude og språkdrap
I vår kom reportasjeboka How to Kill a Language av den britisk-italienske språkjournalisten Sophia Smith Galer. I tillegg til å skrive for tradisjonelle medium, har ho slått seg stort opp i dei vertikale videoformata. Formidlingsarbeidet hennar er eit av dei beste døma, tykkjer eg, på kva sprengkraft som låg i dei sosiale media, var det ikkje for algoritmane og storkapitalismen.
I boka fylgjer Galer opp det same prosjektet ho lenge har drive på nett: å gjeva merksemd til det vanvettige kulturtapet som føregår over heile verda når eitt etter eitt av språka våre døyr. Ho nyttar konsekvent ordet linguicide på engelsk – her ville me kalla det språkdrap. Og språkdrap kjem i mange ulike former: Dei kan vera både overlagte og forsettlege, men kanskje oftast er dei aktlause, utførte av statar og folk som kunne og burde visst betre.
I 2026 er det framleis over 7000 språk som vert tala i verda, men over 3000 av dei er truga. Før hundreåret er omme, er det estimert at om lag halvparten av språka me har i dag, vil døy ut. Nokre av dei vil vera godt dokumenterte og teknisk sett moglege å vekkje til live att, men dei fleste vil forsvinne.
Galer er ikkje så oppteken av dei store tala. Ho rettar heller blikket mot dei einskilde lagnadene, mot menneska, og viser at dei tapar så mykje meir enn berre ei kommunikasjonsform. I lag med språket smuldrar også slektskap, eigenart og bandet til jorda sjølv. Stendig forsvinn desse folka inn i den globaliserte, urbane monokulturen, der einspråklegheita rår, og der den einaste vegen attende går via eit talemål dei ikkje lenger kan.
Britisk skuld
Det er ikkje tvil om at den britiske staten har mykje å svara for i Irland. Galer skriv: «Schoolchildren in England and Wales in the nineteenth and twentieth centuries were forced to wear tally sticks around their necks, notched for every time they spoke their native Celtic languages, before they were hit at the end of the school day for how many notches they had accrued.»
Hadde britane aldri teke seg til rette, ville irsk vore det sjølvsagte språket på øya. Det gjer boka ekstra potent at Galer skriv i Storbritannia, der det store fleirtalet aldri lærer seg eit språk nummer to, men der språk nummer éin kvar einaste dag utslettar språkmangfald både heime, i dei gamle koloniane og jamvel i dei fleste andre land òg. Fleire stader i verda møter ho menneske som framleis er tospråklege, men der dei før kunne to eller fleire av sine eigne, lokale språk, kan dei no berre to: eit privilegert nasjonalspråk – og engelsk.
Galer skildrar eit typisk språktap over tre generasjonar: Frå ei bestemor som snakkar språket flytande, til ei tospråkleg mor, til ei funksjonelt einspråkleg dotter som kanskje forstår noko av språket til bestemora, men som ikkje kan tala det sjølv. Det er ein vanleg mekanisme blant innvandrarborn, men det skjer også i familiar som heile tida har budd på same stad.
Overgangar som denne har ført til at under 3 % av folkesetnaden i den irske republikken no snakkar språket «very well», ifylgje folketeljinga frå 2022. Det er langt fleire som har noko irsk, men talet er lågt når ein hugsar at språket er obligatorisk i skulen for alle.
Men irsk ansvar
Sjølv om det historiske ansvaret ligg på britane, har den irske staten hatt høve til å snu trenden i hundre år. Dét har han ikkje gjort. På 20-talet definerte den irske fristaten såkalla Gaeltacht-område, som var avgrensa distrikt der irsken stod sterkast. I dag er områda, som stort sett ligg på vestkysten, framleis viktige som heimstader for dei få som har irsk som fyrstespråk. Dessutan inviterer dei inn born frå resten av øya til språkleirar om sumrane. Men også desse stadene har opplevd store språktap dei siste tiåra: Der 87 % kunne irsk i 1961, er prosenten no nede i 66 % av dei 106 000 innbyggjarane.
Sophia Smith Galer deler opp språkdrap i minst ni ulike typar, og tvillaust finst det mange fleire nyansar. Dei mest openlyse er dei som følgjer med krig og konfliktar, etnisk reinsing og andre brotsverk; i boka står ukrainsk, kurdisk og ladino/jødespansk som døme på slike lagnader. Nokre stader, som i Italia og Frankrike, har ein sett på minoritets- og regionalspråk som naudsynte offer i skipinga av nasjonalstatane. Andre stader igjen har historiske omstende ført til ei sakte vending mot eitt språk framfor andre, driven fram av ignoranse, vantande vilje eller mangel på ressursar, eller ein god miks og meir til. Det er ein slik fase det irske språket er i no. Det veletablert fyrstespråket engelsk kjem ikkje lenger med vald og våpen, men med fordelar og moglegheiter. Irsken, som lenge hadde rykte på seg for å vera språket til dei svoltne og fattige, slit med å konkurrere, særleg når det skortar slik på innsats og ressursar frå styresmakter i både sør og nord.
Redningsaksjon
I slutten av mai var staben i Noregs Mållag på studietur til Irland og Nord-Irland. Der var me for å lære om den irske språksituasjonen og kampen for å gjera det irske språket til allemannseige på ny. For sjølv om stoda ser skral ut no, er det ikkje mangel på krefter som vil gjera noko med henne.
I dag er det kring 55 000 elevar utanfor Gaeltacht-området som går i såkalla Irish-medium education, det vil seie skular der irsk er fyrstespråket. 8 000 av dei bur i Nord-Irland. Det utgjer ein låg prosent av elevmassen på ei øy med 7 millionar innbyggjarar, men ein skal berre eit par generasjonar tilbake før talet var tett på null. I nord har Comhairle na Gaelscolaíochta (Rådet for irskspråklege skular) ansvar for å fremja posisjonen til dei irskspråklege skulane, der det no ikkje er nok skuleplassar til alle foreldre som ynskjer det.
I november fekk Nord-Irland sitt fyrste irske språkombod, Pól Deeds. Rolla hans er å fylgje opp bruken av irsk i det offentlege. I møte med Mållaget gav han uttrykk for at fullmaktene – og ressursane – gjerne skulle vore mykje større, men at skiping av ombodet var ein viktig start i eit land der språket så ofte har vore gjenstand for både vald og politiske hestehandlar.
Og i Belfast møtte me Linda Ervine, som driv det einaste irske utdanningstilbodet aust i byen, der protestantane dominerer. Ho kjem sjølv frå ein familie med unionistar, og har fått mykje merksemd for forsøket ho gjer på å fjerne det tradisjonelle skiljet mellom protestantane og det irske språket. Ho kunne fortelja at mottakinga til tider har vore steil og trugande, men at oppslutnaden berre veks. Ho hadde ingen planar om å gjeva seg.
Språkstrid nyttar
Haldninga til den dresskledde iren på toget er ikkje uvanleg, korkje i Irland eller noko anna land i heile verda. Ho er eit typisk argument mot å trå til for dei fleste mindretalsspråk – også nynorsken: Kva nytte har det å redde eit døyande språk? Fleire gonger på turen fekk me høyre at den jamne irske ungdom såg stor verdi i tospråklegheit, men at dét som regel tydde å lære seg engelsk og eit framand språk. Men me fekk også høyre at ungane som vaks opp i dei irskspråklege skulane, og då lærte seg engelsk som andrespråk, ofte hadde vel så gode resultat i engelskfaget som dei einspråklege elevane.
I grunnen er bodskapen til Sophia Smith Galer den same som bodskapen til Pól Deeds, Linda Ervine og alle dei andre språkaktivistane me møtte i Irland: Verda blir fattigare om me aksepterer at språka våre døyr. Heldigvis treng me ikkje akseptere det.
Mange av språka i verda kjem til å forsvinne i løpet av dei neste generasjonane, i lag med så mykje anna biologisk mangfald. Galer skriv: «In the face of so many obstacles and so much wilful neglect, we’ve seen time and again that it’s speakers who pick up the slack where governments fail.» Men av og til kan styresmaktene koma etter, berre dei blir tvinga til det.
Igjen og igjen på turen fekk me høyre at tida vår er ein unik historisk augneblink for det irske språket. Ei kulturell vekking breier seg over den grøne øya, særleg innanfor musikken, og kveikjer ungdomen til å omfamne folkemålet dei har mista. Sjølv om det irske språket møter både hindringar og likesæle i rikt monn, er det rett og slett ikkje sant at det kjem til å døy ut. Til dét finst det altfor mange som står klare til å forsvara det.