Seminar: Ein språkpolitikk for mangfald og fellesskap
Publisert:
3. juli 2026
Tid:
24. september 2026— 12.00
Stad:
Nord universitet på Nesna
Arrangør: Nesna Mållag, Salten Mållag, Vefsn Mållag, Nord universitet og Kvinneuniversitetet Norden
Nesna mållag i samarbeid med Salten mållag, Vefsn mållag, Kvinneuniversitetet Norden og Nord universitet inviterer til konferanse på Nesna 24. september, 2026. Les meir og send inn påmelding.
Som ei mindre bruka målform har nynorsk ein utsett posisjon nasjonalt.
På Helgeland har nynorsk historisk sett stått sterkt, men slik er det ikkje lenger. Helgeland er òg eit område der andre særs utsette språk har vorte nytta, nemleg sørsamisk og umesamisk.
Mindre bruka språk og nasjonale minoritetsspråk, treng politiske grep for å vekse og trivast. Slik har til dømes nynorsk og sørsamisk mykje til felles.
På denne konferansen ønskjer vi mellom anna å setje lys på følgjande språkpolitiske spørsmål:
- Korleis kan ein utforme ein språkpolitikk som stør opp om mangfaldet, aukar tilliten mellom grupper og byggjer ned fordommar og konfliktar?
- Korleis kan målrørsla og små språkmiljø arbeide saman for større aksept for språkleg mangfald?
- Korleis kan nynorsk som sidemål styrkast?
- Korleis kan nynorsk vere ein eigna inngang for dei som skal lære norsk som andrespråk?
***
Desse skal snakke:
Desse skal snakke:
- Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag
- Kari Sommerseth Jakobsen, redaktør av boka Samisk Helgeland
- Bjørnar Skjæran, Kommunal- og distriktsminister (Ap)
- Eldar Heide, professor (Høgskulen på Vestlandet)
- Øystein Vangsnes, professor (UiT)
- Liv Cathrine Krogh, leiar av Landslaget for norskundervisning
- Hege Myklebust, førsteamanuensis (Høgskulen på Vestlandet)