kalender

Nynorsk gudsteneste og møte om den nynorske songskatten i Fredrikstad domkyrkje

Tid:
20. september 202611:00
Stad:
Fredrikstad domkyrkje
, Fredrikstad
Arrangør: Fredrikstad domkyrkje i samarbeid med Fredrikstad Mållag

Det blir nynorsk gudsteneste med dåp i Fredrikstad domkyrkje søndag 20. september kl. 11:00. Gudstenesta skjer med nynorsk liturgi, og ei gruppe frå Borg domkor er med og syng nynorske salmar saman med kyrkjelyden.

Dei medverkande er sokneprest Endre Fyllingsnes, domkor-gruppa med domkantor Tore Erik Mohn og representantar frå Fredrikstad Mållag.

Etter gudstenesta blir det eit møte med tema klassiske nynorske songar
Etter gudstenesta (ca. kl. 12:30) arrangerer Fredrikstad Mållag ei allsongstund i Domkyrkjekjellaren. Ver med og syng nokre av dei mest kjente og kjære songane frå den nynorske songskatten, mellom andre Nordmannen, Blåmann, Den fyrste song og Fager kveldssol smiler.
Terje Aarset, professor emeritus i norsk ved Høgskulen i Volda, fortel om korleis songane blei til og har blitt brukte. Aarset har gitt ut ei rekke bøker om nynorsk, mellom andre «Den nynorske songskatten» (2009).
Ei kvinnegruppe frå domkoret blir med, og Tore Erik Mohn leier songen og akkompagnerer på piano.

Gudstenesta og song-møtet er skilde arrangement der ein kan velje om ein vil vere med på begge tilskipingar eller berre ei av dei.

Arrangementet er gratis. Enkel bevertning.