kalender

Haustseminar i Telemark Mållag

Tid:
24. oktober 2026
Stad:
Seljord Hotell
Arrangør: Telemark Mållag

Telemark Mållag inviterer til haustseminar laurdag 24. oktober på Seljord Hotell.

Først på denne dagen vert det Haustseminar på Seljord Hotell. Seiare125-årsfeiring av Seljord Mållag i Flatdal. Det er lagt opp til at det vil vere ein passeleg pause mellom seminaret og festen.
Dette fordi vi sjølvsagt håper på mykje folk både i Seljord og Flatdal denne dagen.
Haustseminaret vert også i år lagt til Seljord Hotell i Seljord. Der skal Telemark Mållag dele ut sin Målpris og Ragnar Lurås presenterer årets Jol i Telemark.
Peder Lofnes Hauge, leiaren i Norges Mållag, kjem og er med under heile seminaret. I dei førebels planane for dagen er det sett av god tid til at Peder kan fortelje om det Mållaget sentralt arbeider med. Og ikkje minst tid til samtale mellom lokallaga og leiar Peder. Det vert også korte økter med fokus på praktisk lokallagsarbeid.