kalender

Ord over tid: Hans Sande 80 år

Tid:
26. september 2026— 11:00
Stad:
byROMMET
, Bergen

Denne vinteren fyller forfattaren, psykiateren og kunstnaren Hans Sande 80 år, og det vil Bergen Mållag markera med ei feiring av livet, kunsten og orda hans. Gjennom kunstutstilling, seminar og konsert inviterer me til ein dag med forteljingar, musikk, undring og møte med eit heilt særeige kunstnarskap.

11.00–15.00 – Hans Sande-bursdagsseminar med litterære ballongar, bokbad og balluba (GRATIS FOR ALLE)

  • Kven er Hans Sande, eigentleg? Og kva og korleis skriv han? På nynorsk sjølvsagt. Berit Bareksten i samtale med Hans Sande.
  • Hans Sande les utdrag frå forfattarskapen. Denne hausten kjem ei ny diktsamling: «Vi kom frå skogen».
  • Litterær bursdagsgåve (overrasking)
  • Ragnar Hovland les frå gonzobiografien sin, «Astrup», illustrert av Steffen Kverneland, som kjem ut i september. Med denne boka vil dei kasta eit revolusjonerande lys over den store kunstnaren Nikolai Astrup.
  • Atle Hansen les frå den siste romanen sin, «Den fordømte katten».

19.00 – Konsert med «Vaksne menn på ville vegar»

  • «Dei ville menna» er i kveld representerte ved Ragnar Hovland og Atle Hansen. Dei spelar og syng i lag med Hans Sande.

Om seminaret:

Hans Sande debuterte som forfattar med diktsamlinga «Strime» i 1969. Sidan den gong har han skrive meir enn førti bøker. Me skal sjå på delar av alt han har skrive. Samtalen skal dreia seg om språk som utgangspunkt, verktøy og kunstform. Me skal innom samspelet mellom sjangrane han skriv i, og me skal snakka om dei andre kunstformene Sande skapar i broderi, skulptur og bilete.

Forfattarskapen hans spenner vidt, frå romanar og diktsamlingar til ei lang rekkje bøker for barn og unge. Med eit humoristisk og skarpt blikk tek han for seg store og små tema, og utfordrar gjerne det som verkar sjølvsagt. Han har synt at barnelitteraturen kan vera modig og politisk, vekkja undring og samstundes kalla fram latteren.

Me skal innom nokre av romanane, diktinga og mange av dei andre sidene av ein lang, rik forfattarskap. Og kanskje får me høyra litt om kva som skjer når ein forfattar nærmar seg 80, men framleis har mykje på hjartet.

Støtta av Norsk Forfattersentrum Vestlandet