«Drap i grisgrendte strøk – ein samtale mellom krimforfattarane Martin Baldysz og Randi Fuglehaug».
Ut ifrå tittelen forstår vi at dette arrangementet fokuserer på krimlitteratur, og at det er krim på nynorsk. Begge forfattarane har ein variert bokproduksjon bak seg, men på dette møtet skal vi konsentrere oss om krimsjangeren.
Randi Fuglehaug starta krimkarrieren med romanen «Fallesjuke» i 2020, og så kom «Tonedød» i 2022 og «Skallebank» i 2024. Hovudpersonen i bøkene er den unge lokalavisjournalisten Agnes Tveit, og handlinga er lagt til Voss, i notid.
Martin Baldysz sin krimdebut starta med «Stille grender» i 2025, og oppfølgaren «På stedet hvil» kom eitt år etter, altså no i år. Trass i den bokmålske tittelen, er også denne romanen på nynorsk, men vi forstår ut ifrå tittelen at det har noko med militæret å gjere. Hovudpersonen er overkonstabel ved politiet i Ålesund, Johan Ryer, og handlinga er lagt til åra 1902 0g 1903. Ryer er ein kontroversiell politimann, og han tar med seg søstera si, Sonja, som assistent på dei to oppdraga vi får høyre om.