kalender

Ope møte i Ål og Hol Mållag

Tid:
10. november 2026— 18:00
Stad:
Veslesalen på Ål Kulturhus.
, Ål
Arrangør: Ål og Hol Mållag

Velkommen til ope møte tysdag 10 november kl 18, i Veslesalen på Ål Kulturhus.

Hallingdølen fekk Ål kommunes målpris i fjor, året før 90-årsjubileet no i haust. Tidlegare redaktør Bjarne Tormodsgard fortel om språket i Hallingdølen, nynorsken og hallingmålet – både sett frå innsida og uttafrå.  Kven skreiv, korleis skreiv dei, og kva verknad fekk skrivinga for språket i Hallingdal og i Noreg?

Deretter blir det dialektkviss – akkurat passe vanskeleg for både hallingar og ikkje-hallingar.

Det blir også sal av adventskalender for 2026, med nye hallingord i alle lukene og innebygd lotteri. Det blir høve til å sikra seg adventskalenderen på møtet!

Fri inngang – kaffi og noko attåt